Reisemålsleiing

 

Reisemålsleiing - Invitasjon til møte 

Vi har starta arbeidet med etablering av reisemålsleiing.

Bli med på innspelsmøte i Vågå, måndag 12. oktober kl 11-13:30, på Kommunestyresalen. Enkel servering.

Korleis kan vi skape verdiar gjennom reiselivet utan at det går på kostnad av natur, kultur og lokalsamfunn? Korleis skal kommunen vere ein god stad å bu, arbeide og besøkje også i framtida?

Vi ønskjer å høyre frå:
• Lag og foreiningar
• Kulturaktørar
• Grunneigarar og fjellstyre
• Reiselivet og Næringsliv
• Politikarar og administrasjon
• Alle andre som er interesserte!

Du treng ikkje arbeide med reiseliv for å delta. Har du eit forhold til staden, har du også erfaringar og perspektiv som er viktige.

Påmelding
 
Les saka i GD
 
Into Norway
 
Les meir
 
 
 
Innovasjon Norge
 
 
 
Les meir
 
Nominer
 
 

Gardsgründer

Har du ei tilleggsnæring på garden, eller drøymer du om å utvikle ei? Gardsgründer gjev deg verktøya du treng for å lukkast!

Oppstart av gradsgründer 26/27 i November 2026. 

Søk her
 

BLI SETT - Synlighetskurs

Onsdag 14. oktober på Heartbreak Hotel. 

Eit kurs gjev deg praktisk kompetanse i synleggjering og marknadsføring, frå merkevarebygging til bruk av kunstig intelligens og sosiale medium!

Les meir
 
Les utkastet her:
📅
20.10  Frist spelemidlar 
Les meir
📅
31.10 Frist Sparebank 1 Lom og Skjåk  - næringsstipend
Les meir
📅
01.11 Frist søknad kulturminne - Innlandet fylkeskommune
Les meir
📅
01.11 Frist søknad Regionale kulturfond - Innlandet fylkeskommune
Les meir
📅
01.11 Frist Innspel Vågå kommune sin arealplan
Les meir

Dette er nyheitsbrevet frå næringsavdelinga i Vågå kommune. Her deler vi aktuelle nyheiter, moglegheiter og hendingar som er relevante for næringslivet i kommunen. Nyheitsbrevet kjem ut ved jevne og ujevne mellomrom.  Har du ei sak, eit arrangement eller ei nyheit som kan vere av interesse for andre verksemder i Vågå? Ta gjerne kontakt med oss, så hjelper vi med å spreie bodskapen vidare.

Næringsavdelinga er til for næringslivet i Vågå. Enten du arbeider med eit utviklingsprosjekt, vurderer å søkje om støtteordningar eller har ein idé du ønskjer å drøfte, er du alltid velkomen til å ta kontakt. Vi hjelper gjerne til med råd, rettleiing og vidare oppfølging.

Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo