|
|
|
|
Nyhetsbrev frå næringsavdelinga i Vågå kommune
September 2026
|
|
|
|
|
Korleis var sommaren 2026?
|
|
|
|
|
|
|
Sterk juli for reiselivet i Nord-Gudbrandsdalen – Vågå har markant vekst
Reiselivstala for juli 2026 viser ein sterk sommarmånad for reiselivet i Nord-Gudbrandsdalen. Regionen har vesentleg fleire gjester enn for to år sidan, og særleg camping, hyttegrender og vandrarheimar viser sterk vekst. For Vågå er utviklinga svært positiv: I juli 2026 vart det registrert over 40 000 overnattingar innan camping, hyttegrender og vandrarheimar – nesten 30 prosent fleire enn i juli 2024.
Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og omfattar Nord- Gudbrandsdalen og inkluderer ikkje airbnb.
|
|
|
|
|
|
|
Trafikktala for sommaren 2026
Sommaren 2026 har gitt eit delt trafikkbilete i regionen. Medan trafikken over Valdresflye held seg sterk og viser vekst samanlikna med i fjor, er trafikken på Rv. 15 noko lågare enn sommaren 2025.
Samstundes viser tala at trafikken inn og ut av Vågåmo er stabil, trass i redusert gjennomgangstrafikk på delar av vegnettet.
|
|
|
|
|
Handelstal for Vågå
Vågå hadde ein svært sterk handels-sommar i 2026. Nye analysar frå Mendo Analytics viser at den registrerte omsetninga auka både i juli og august samanlikna med dei same månadene i 2025.
Juli var den største handelsmånaden målt i omsetning, noko som er naturleg i høgsesongen.
|
|
|
|
|
|
|
|
Takk for ein fantastisk festivalsommar!
Sommaren i Vågå har vore prega av eit rikt og mangfaldig arrangementsliv. Frå Meloittens konsertbonanza, Ullinsvin Ullfestival, Superlekene i Vågå og Landsfestivalen i gammaldans til Gjendefestivalen, Traktorrock, Tons til Fjells og ei rekkje andre kultur- og bygdearrangement, har både innbyggjarar og tilreisande fått oppleve noko av det beste Vågå har å by på.
Bak alle desse opplevingane ligg ein enorm frivillig innsats. Eldsjeler, lag og foreiningar har lagt ned utallige dugnadstimar for å skape aktivitet, fellesskap og gode møteplassar. Ei stor takk til alle arrangørar, frivillige og samarbeidspartnarar som har gjort sommaren 2026 til ein minnerik sesong. All ære og stor takk frå heile vågåsamfunnet.
|
|
|
|
|
|
Innbyggjardialogen om framtida i Vågå held fram
Mellom temaa er arealplan, framtidig tenesteyting og beredskap. Attståande møte er Midtli 15. september, Sjårdalen 16. september og Tessand 13. oktober, alle kl. 18.00–20.15.
|
|
|
|
|
|
Søk næringsstipend og tilskot til berekraftige tiltak frå SpareBank 1 Lom og Skjåk
Søknadsfrist 31.10.2026
Les og søk
|
|
|
|
|
Modulutdanning innan marknadsføring på Otta
Vil du bli betre på å marknadsføre produkt eller bedrifta di?
No tilbyr Fagskolen Innlandet ei fleksibel utdanning som kan kombinerast med jobb. Undervisninga kjem både via Teams og med fysisk samling på Otta. Her kan du bli betre på marknadsføring, kommunikasjon, merkevarebygging og synleggjering i digitale medier.
Søknadsfrist: 3. januar
Oppstart: 3. februar
|
|
|
|
|
|
|
|
Etablerarkurs
Brenn du for ein idé og ønskjer innspel til korleis du kan utvikle han vidare? Går du med tankar om å starte eiga verksemd, men lurer på kvar du skal byrje?Då kan eit etablerarkurs vere noko for deg!
Digitalt kurs startar nå!
|
|
|
|
|
Søk tilskot innan kunst, kultur og idrett frå Innlandet fylkeskommune
Det nærmar seg søknadsfrist for fire tilskotsordningar.
No har òg Regionalt kulturfond søknadsfrist 1. november.
|
|
|
|
|
|
No kan du søkje om tilskot til kulturminne
Har du ansvar for eit kulturminne eller kulturmiljø? Innlandet fylkeskommune har åtte tilskotsordningar med søknadsfrist 1. november 2026. Ordningane omfattar mellom anna freda og verneverdige bygningar, tekniske og industrielle kulturminne, fartøy, middelalderruinar og brannsikring. Målet er å ta vare på viktige kulturminne for framtida. Både privatpersonar, organisasjonar og enkelte kommunar kan søkje.
|
|
|
|
|
|
|
Prosjektet Innovativ tresatsing i Innlands-tradisjon (INNOtrad)
Skogeigarar, sagbruk, treforedlingsverksemder og tradisjonshandverkarar blir inviterte til fagseminar på Evenstad 21. og 22. september. Seminaret er ein del av prosjektet INNOtrad, som skal styrkje tilgangen til kvalitetsvirke for bygningsvern og restaurering.
|
|
|
|
Nytt navn og nye drivarar
Frå 1. september takkar vi Eventlink for innsatsen som drivarar av Bokhande'n. Samstundes ønskjer vi Jill og Janne varmt velkomne som nye drivarar. Med nytt vertskap kjem også eit nytt namn: Vågå Vertshus.
Vågå kommune ønskjer dei nye drivarane lukke til med satsinga.
|
|
|
|
|
Har du eit anlegg som skal byggjast i 2027?
Planlegg de nytt idrettsanlegg, nærmiljøanlegg eller friluftstiltak? No er det tid for å førebu søknad om spelemidlar. På Vågå kommune si nettside finn du informasjon om kven som kan søkje, krav til søknaden og viktige fristar. Les meir og finn rettleiing på kommunen si heimeside.
Søknadsfrist for spelemidlar 2027 i Vågå kommune er 20. oktober 2026.
|
|
|
|
|
|
Dette er nyheitsbrevet frå næringsavdelinga i Vågå kommune. Her deler vi aktuelle nyheiter, moglegheiter og hendingar som er relevante for næringslivet i kommunen. Nyheitsbrevet kjem ut ved jevne og ujevne mellomrom. Har du ei sak, eit arrangement eller ei nyheit som kan vere av interesse for andre verksemder i Vågå? Ta gjerne kontakt med oss, så hjelper vi med å spreie bodskapen vidare.
Næringsavdelinga er til for næringslivet i Vågå. Enten du arbeider med eit utviklingsprosjekt, vurderer å søkje om støtteordningar eller har ein idé du ønskjer å drøfte, er du alltid velkomen til å ta kontakt. Vi hjelper gjerne til med råd, rettleiing og vidare oppfølging.
|
|
|
|
|
|