|
Nytt til næringslivet, mai 2026
|
|
Skal du søkje om midlar frå næringsfondet i år?
Da bør du lese vidare!
Formannskapet har i dag vedteke å innføre ein midlertidig søknadsfrist for kommunalt næringsfond i 2026. Årsaka er at store delar av budsjettposten allereie er disponert, noko som auker behovet for å prioritere resten av søknadane opp mot kvarandre.
Fyrste søknadsfrist er sett til 25. mai. Andre søknadsfrist blir 15. oktober dersom det framleis står att midlar til da.
Vi anbefaler alle å ta kontakt med næringssjefen på førehand, så slepp du å kaste bort unødvendig tid. Hugs at alle søknadar skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no
|
|
|
|
BESØK FRÅ NHO|23. APRIL:
Førre torsdag hadde NHO kommunedag i Lom. Målet med dagen er å få auka om korleis kommunen jobbar for å vere ein næringsvennleg kommune, samt å høyre kva som er viktig for bedriftene i vårt område. Ein slik dag er nyttig for både oss og NHO, så tusen takk for besøket! Her ser du nokre glimt frå dagen:
|
|
Månedens bedrift: TINE Meieriet Lom og Skjåk
Fabrikksjef Frode og gjengen hans fekk seg ei overrasking da NHO kom med diplom og gode ord. Gratulerer med kåring!
|
|
|
Skulebesøk
Næringsliv og utdanning heng tett saman, og derfor var det både nyttig og interessant å ta med NHO på eit skulebesøk til vår nye privatskule.
|
|
|
Bedriftslunsj
Vi skulle gjerne invitert med alle, men for denne gongen vart det eit lite utsnitt av næringslivet i Lom som deltok på lunsj på Fossberg. Takk for at de deltok og kom med gode innspel og refleksjonar.
|
|
|
|
Vi inviterer til vaffeltreff, infomøte om utbyggingsprosjekt og frukostmøte - velkome!
30. APRIL, vaffeltreff: Ta turen innom vårt uformelle treffpunkt – ope for alle! Er du ny i bygda, eller har du budd her ei stund og ynskjer å bli kjent med fleire? På vaffeltreffet kan du slå av ein hyggeleg prat, møte både nye og kjente folk – og sjølvsagt få deg ein nysteikt vaffel. Neste treff er torsdag 30.april kl 11.30-12.30. Møt opp i kafèen på Fossberg hotell!
4. MAI, infomøte: Lom kommune har fleire prosjekt på gong, der Røyskattlie 18 er eit av dei største. Etter planen skal anbudsdokumenta ut i mai, og vi inviterer derfor næringslivet til eit dialogmøte på førehand. Her kan du få høyre meir om prosjektet, få gode tips frå Odin prosjekt og stille spørsmål til prosjektleiar.
Det er ikkje naudsynt med påmelding, berre møt opp på kommunestyresalen.
5. MAI, frukostmøte: Eit lågterskel arrangement som er ope for alle som driv bedrift i Lom og omegn. Her får du gratis frukost og innlegg frå Varde Investeringslaug, Bakeriet i Lom, flyktningkontoret, Lomsklangen og Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Sjå program. Det einaste vi krev av deg er påmelding - og beskjed dersom du må melde avbud. PÅMELDING HER:
|
|
|
|
Kampanje om startlån
Lom kommune ynskjer å bruke startlån meir, og er derfor i gong med filming av ein kampanjefilm saman med dyktige SMELT Media. Vi gler oss til det endelege resultatet, takk til Merethe og Magnhild som stilte opp som modellar!
|
|
|
Nye utemøblar
Lom kommune har kjøpt inn nye utemøblar, levert frå Rørosprodukter.
Vi håper dei fell i smak og blir pent brukt - dei finst i tre ulike variantar.
Nyt gjerne ein utelunsj i finværet.
|
|
|
Tilskot til mobildeknining
Lom og resten av kommunane i 6K har fått innvilga millionar i breibandsstøtte over år. i 2026 blir det opna opp for at kommunane kan søkje om støtte til "arealdekning mobil" au.
I mai deltek vi på seminar for å lære meir og førebu ein eventuell søknad.
|
|
|
|
Ein ledig plass att i lærlingkollektivet - søk no!
Lærlingkollektivet er eit pilotprosjekt som tilbyr bustad til unge vaksne under 30 år i eit tidsavgrensa utdannings- eller arbeidsforhold i Lom (til dømes lærlingar og trainees). Søknadsskjema og meir info finn du i lenka under:
|
|
|
|
KVA SKJER:
Her får du ei oversikt over aktuelle arrangement og fristar framover:
|
|
|
|
📅
|
| 30. april - Vaffeltreff på Fossberg - ope for alle! |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 4. mai - Infomøte for lokalt næringsliv om byggeprosjekt i Lom framover, med særleg fokus på Røyskattlie 18 |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 5. mai - Frukostmøte for næringslivet på Nordal Turistsenter (sjå meir info lenger opp) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 13. mai - Digitalt frukostmøte: Ei uroleg verd - konsekvensar for norsk økonomi og bedrifter |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 29. mai - Bygg og anleggsforum: Samspel mellom politikk, bygg og anleggsnæringa og samfunn (i Heidal) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 30. mai - Flåklypa Grand Prix |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 1. - 6. juni - SAR61°N (tidlegare kalla ULENDT) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 12. - 14. juni - Songarstemne i Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 20. juni - Sognefjellsrittet |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 19. juli - Sommerkonsert med VAMP i Presthaugen |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 2. - 6. september - Diktardagar i Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 8. - 10. september - Gudbrandsdalen på campus: NTNU Trondheim |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| November - Søknadsfrist næringslivsfond Fjellbanken |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 12. - 15. november - Lom skifestival |
|
INFO
|
|
|
|
Oversikt over ledige bustadar, tomter, næringsareal, lokale og kontorplassar
|
|
|
|
|
Takk for at du las nyheitsbrevet vårt heilt hit!
Ta gjerne kontakt viss du har innspel på tema, ris / ros eller berre ynskjer ein prat,
Det er ikkje alltid vi får fulgt opp alle like raskt som vi ynskjer, men vi gjer så godt vi kan - det er alltid lov å purre på svar viss det tek for lang tid 💚 Følg oss gjerne på sosiale medier for meir jamnlege oppdateringar.
|
|
|
|
Åshild Myhre Amundsen
ashild.amundsen@lom.kommune.no
Tlf. 975 22 977
Du finn meg i 3. etasje på Midtgard saman med plan, teknisk, eigedom etc. - og på kontor med Hege.
Foto: SMELT Media
|
|
|
| Bygdeutviklar og bustadkonsulent |
|
Hege Olimb Myhre
hege.olimb.myhre@lom.kommune.no
Tlf. 453 12 269
Du finn meg i 3. etasje på Midtgard saman med plan, teknisk, eigedom etc. - og på kontor med Åshild.
|
|
|
|
|
|