|
Nytt til næringslivet, april / mai 2026
|
|
Infomøte for privat næringsliv 4. mai
Lom kommune har fleire prosjekt på gong, der Røyskattlie 14 er eit av dei største. Etter planen skal anbudsdokumenta ut i mai, og vi inviterer derfor næringslivet til eit dialogmøte på førehand. Her kan du få høyre meir om prosjektet, få gode tips frå Odin prosjekt og stille spørsmål til prosjektleiar. Det er ikkje naudsynt med påmelding, vel møtt!
|
|
|
|
Frukostmøte for næringslivet 5. mai
|
|
|
Frukostmøte er eit lågterskel arrangement som er ope for alle som driv bedrift i Lom og omegn. Sleng deg med da vel!
Velkome til ei uformell stund med god frukost og inspirerande/ nyttige innlegg frå både privat og friviljug sektor. Sjå kven vi får besøk av lenger ned, og les meir om programmet her.
NB: Hugs påmelding i lenka under, så Jehans på Nordal får laga nok mat 😁
|
|
|
|
|
På frukostmøte 5. mai får vi besøk frå:
|
|
|
|
|
|
|
Varde investeringslaug (v/Hanne Maren Kristensen)
Er di bedrift på utkikk etter alternative finansieringskjelder enn bank og offentlege tilskot for å lykkast med nye satsingar? Varde investeringslaug investerer i Gudbrandsdalen, og kaller seg "eit investeringsfond med gode intensjoner". Vi er så heldige at dei tek turen til Lom den 5. mai!
|
|
|
|
|
Kompetanse og rekruttering (Heidrun Marstein, Bakeriet i Lom)
Heidrun Marstein tok over som dagleg leiar på Bakeriet i Lom i mars 2025, men har også lang leiarerfaring frå over 20 år i byggebransja / matindustrien. På frukostmøte kjem ho for å dele sine erfaringar knytt til rekruttering og kompetanseheving - dette vil du ikkje gå glipp av! Foto: Stine Aasløkk.
|
|
|
|
Arbeidspraksis (Hæge Nyrnes, Lom kommune)
Arbeidspraksis er ein viktig del av introduksjonsprogrammet til flyktningane. Kanskje kan dette vere aktuelt for di bedrift? Lær meir om det på frukostmøtet.
|
|
|
Songarstemne (Lomsklangen v/ Kristin Mundhjeld)
Den 12. - 14. juni arrangerer Lomsklangen "Songarstemne" i Lom, og det kjem mange kor på besøk. Kristin kjem innom for å gi oss eit lite innblikk.
|
|
|
|
Arrangementet er ei nasjonal samling for heile redningskjeda i Noreg, arrangert av Stiftelsen Norsk Luftambulanse i Lom den 1.-6. juni. Morten fortel meir.
|
|
|
|
|
|
Ein ledig plass att i lærlingkollektivet - søk no, og helst før 1. mai!
Lærlingkollektivet er eit pilotprosjekt som tilbyr bustad til unge vaksne under 30 år i eit tidsavgrensa utdannings- eller arbeidsforhold i Lom (til dømes lærlingar og trainees). To av soveromma er no reservert, men det gjenstår ein ledig plass - så tips gjerne interesserte! Kollektivet ligg i ein nybygd kommunal bustad på 76 m² på Gjeisarjordet.
Ta kontakt med hege.olimb.myhre@lom.kommune.no v/ spørsmål.Søknadsskjema og meir info finn du i lenka under.
Foto: Utsikt frå lærlingkollektivet, representert v/ arbeidsgruppa. Takk til Helene Hovden i GD for at vi får låne bilde!
|
|
|
|
KVA SKJER:
Her får du ei oversikt over aktuelle arrangement og fristar framover:
|
|
|
|
📅
|
| 23. april - Oppstart digitalt etableringskurs for Gudbrandsdalen |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 27. - 28. april - Fagdag for turski og vinteropplevelser på Lillehammer |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 23.-26. april - Landsmøte for DNT Ung i Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 4. mai - Infomøte for lokalt næringsliv om byggeprosjekt i Lom framover, med særleg fokus på Røyskattlie 18 |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 5. mai - Frukostmøte for næringslivet på Nordal Turistsenter (sjå meir info lenger opp) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 13. mai - Digitalt frukostmøte: Ei uroleg verd - konsekvensar for norsk økonomi og bedrifter |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 29. mai - Bygg og anleggsforum: Samspel mellom politikk, bygg og anleggsnæringa og samfunn (i Heidal) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 30. mai - Flåklypa Grand Prix |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 1. - 6. juni - SAR61°N (tidlegare kalla ULENDT) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 12. - 14. juni - Songarstemne i Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 19. juli - Sommerkonsert med VAMP i Presthaugen |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 20. juni - Sognefjellsrittet |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 2. - 6. september - Diktardagar i Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 8. - 10. september - Gudbrandsdalen på campus: NTNU Trondheim |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| November - Søknadsfrist næringslivsfond Fjellbanken |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 12. - 15. november - Lom skifestival |
|
INFO
|
|
|
|
Oversikt over ledige bustadar, tomter, næringsareal, lokale og kontorplassar
|
|
|
|
|
Takk for at du las nyheitsbrevet vårt heilt hit!
Ta gjerne kontakt viss du har innspel på tema, ris / ros eller berre ynskjer ein prat,
Det er ikkje alltid vi får fulgt opp alle like godt som vi ynskjer, men vi gjer så godt vi kan - det er alltid lov å purre på svar viss det tek for lang tid 💚 Følg oss gjerne på sosiale medier for meir jamnlege oppdateringar.
|
|
|
|
Åshild Myhre Amundsen
ashild.amundsen@lom.kommune.no
Tlf. 975 22 977
Du finn meg i 3. etasje på Midtgard saman med plan, teknisk, eigedom etc. - og på kontor med Hege.
Foto: SMELT Media
|
|
|
| Bygdeutviklar og bustadkonsulent |
|
Hege Olimb Myhre
hege.olimb.myhre@lom.kommune.no
Tlf. 453 12 269
Du finn meg i 3. etasje på Midtgard saman med plan, teknisk, eigedom etc. - og på kontor med Åshild.
|
|
|
|
|
|