Arbeid med resertifisering
Resertifiseringa skal skje kvart tredje år, og krev at vi kan dokumentere tydeleg framgang i arbeidet med miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Dette er ikkje ein ny sertifisering frå start, men ei grundig evaluering som viser om vi faktisk utviklar oss i riktig retning.
Resertifiseringa omfattar ei ny gjennomgang av alle kriterium og indikatorar, der reisemålet må vise korleis situasjonen har utvikla seg sidan førre sertifisering.
Det betyr mellom anna oppdatert kartlegging av miljøpåverknad, sosiale verdiar, leiing, strategi og økonomisk berekraft.
Arbeidet krev tett samarbeid mellom kommune, næringsliv og lokalsamfunn, sidan ordninga byggjer på brei involvering og lokalkunnskap.
Næringsaktørar spelar ei viktig rolle ved å bidra med innsikt, erfaringar og data knytt til eiga drift, gjestar, transport og ressursbruk.
|