|
Nytt til næringslivet, februar / mars 2026
|
|
Velkome til neste frukostmøte for næringslivet tysdag 5. mai 😊
|
|
|
Det nærmar seg vår og sumar, ei travel tid for mange.
Til tross for det håper vi at mange kan ta seg tid til litt fagleg påfyll og sosial mingling tysdag 5. mai på Nordal Turistsenter.
Vi startar som vanleg med ein frukost, kombinert med lett påfyll om aktuelle saker.
Kom gjerne med innspel dersom du har ting som burde vore tatt opp.
Påmelding og program kjem i neste nyheitsbrev, så sett av datoen inntil vidare :-)
Du kan allereie no melde deg på ved å klikke deg inn her:
|
|
|
|
|
|
Vi syns det er kjekt at Team Pølsa har lagt turen til Lom og Sognefjellshytta i sesong 2, og vil anbefale alle å ta ein titt på desse spreke og flotte ungdommane.
NRK har varsla at det kjem ein sesong nr. 3.
|
|
|
Lærlingkollektivet - vår nye pilot innan bustadutvikling:
|
|
|
Lærlingkollektivet er eit pilotprosjekt som tilbyr bustad til unge vaksne under 30 år i eit tidsavgrensa utdannings- eller arbeidsforhold i Lom (til dømes lærlingar og trainees). Søknadsfristen er sett til 15. april, og så blir det løpende opptak dersom det framleis er ledig plass etter den datoen.
Les gjerne meir om saka i denne GD-artikkelen:
Kollektivet ligg i ein nybygd kommunal bustad på 76 m² på Gjeisarjordet, sentralt i Lom, med plass til tre leigetakarar. Bustaden har moderne kvalitetar, møblerte fellesareal og god utsikt over Fossbergom.
Veit du om nokon i målgruppa som er på utkikk etter bustad?
Det er i så fall supert om næringslivet bidreg til å spre ordet til aktuelle tilsette / lærlingar som kan finne dette interessant! Ta kontakt med hege.olimb.myhre@lom.kommune.no dersom du har spørsmål.
|
|
|
NHO kjem på besøk til Lom den 23. april
|
|
|
Den 23. april kjem representantar frå Næringslivets hovedorganisasjon på kommunebesøk til Lom.
Det er ikkje lagt opp til eit ope frukostmøte (slik det var førre gong), men enkeltbedrifter vil bli kontakta med tanke på deltaking i programmet.
|
|
|
|
|
|
I februar arrangerte Visit Jotunheimen sin årlege studietur for sine medlem.
I år gjekk turen til Ålesund, og ein god gjeng med bedrifter frå Lom, Skjåk og Vågå deltok.
På vegen var vi innom m.a. Avdembue på Lesja, Brosundet hotell i Ålesund, Fjordcruice Hjørundfjorden, Christian Gaard bygdetun og Lodgen Stryn.
Vi takker for ein flott og lærerik tur, med masse inspirasjon og god teambygging😁
|
|
|
Eit felles løft for fossilfri tungtransport i Innlandet
|
|
|
Langs E6, E16 og Rv3 går varestraumar som sikrar verdiskaping i heile Innlandet. Samstundes møter tungtransporten og byggje- og anleggsbransjen stadig strengare krav til utføring og utslepp. Næringslivet må omstille seg, og dette krev store investeringar i mellom anna ny teknologi. Difor treng dei rammevilkår som gjer dette mogleg.
Ei av hovudutfordringane er at infrastrukturen for å levere fossilfrie løysingar ikkje er tilstrekkeleg utvikla i dag. Difor går innovasjonsselskapa i Gudbrandsdalen, Valdres og Østerdalen saman om prosjektet «Fossilfri tungtransport i Innlandet». Her skal ein byggje det kunnskapsgrunnlaget og det samarbeidet som trengst for å lukkast med omstilling, i tett samspel med næringslivet og det offentlege.
|
|
|
Lokal mat i kommunen - kurs for leverandørar og innkjøpere/ bestillere
|
|
|
Dette kurset blir arrangert for kommunane som har signert på Innlandet matløftet, og målgruppa for kurset er både leverandørsida (primærnæringa) og innkjøparar i det offentlege. Kurset er gratis, og blir arrangert på Otta den 16. april og i Alvdal 23. april. Tidspunkta er frå 9.00 - 15.00.
Program:
-gjennomgang av o-punktsanalyse av lokal og norsk mat i pilotkommunene v/Matvalget
-praktisk gjennomgang av anskaffelsesregelverket i forhold til krav, handlingsrom og muligheter fremover for kommune v/KPMG
-praktiske eksempler
Det blir servert ein god lokalmatlunsj. Hugs påmelding!
|
|
|
Oversikt over ledige bustadar, tomter, næringsareal, lokale og kontorplassar
|
|
|
|
|
KVA SKJER:
Her får du ei oversikt over aktuelle arrangement og fristar framover:
|
|
|
|
📅
|
| 18. - 19. mars - Summit Kvitfjell |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 24. mars - Årsmøte og medlemstreff i Gudbrandsdal næringsforening |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 1. april - Søknadsfrist for Sparebankstiftelsen DNB næringsutvikling |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 16. april - lokale matinnkjøp, kurs for leverandørar og bestillarar |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 22. april - Fritidsboligkonferansen på Lillehammer |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 27. - 28. april - Fagdag for turski og vinteropplevelser på Lillehammer |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 23. april - Oppstart digitalt etableringskurs for Gudbrandsdalen |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 5. mai - Frukostmøte for næringslivet på Nordal Turistsenter (meir info kjem) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 30. mai - Flåklypa Grand Prix |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 1. - 6. juni - SAR61°N (tidlegare kalla ULENDT) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 12. juni - Songarstemne i Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 20. juni - Sognefjellsrittet |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 2. - 6. september - Diktardagar i Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 8. - 10. september - Gudbrandsdalen på campus: NTNU Trondheim |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 12. - 15. november - Lom skifestival |
|
INFO
|
|
|
|
|
Takk for at du las nyheitsbrevet vårt!
Ta gjerne kontakt viss du har ris eller ros, eller følg oss på Lom næringsforum (Facebook / Instagram) og Lom_nasjonalparklandsby på Instagram.
Sjekk også ut vår nye heimeside på www.lom.kommune.no😊
Kontaktinfo:
Næringssjef:
Åshild Myhre Amundsen på tlf. 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Hege Olimb Myhre på tlf. 453 12 269 / hege.olimb.myhre@lom.kommune.no
|
|
|
|
|
|
|