Hurra!
Jotunheimen vidaregåande skule er no godkjent som privatskule😍

19. januar går inn i historiebøkene. Den dagen vart Jotunheimen vidaregåande skule godkjend som privatskule med statsstøtte – eit avgjerande og gledeleg vedtak for ungdom, familiar og framtida i Lom og heile Ottadalen.

Godkjenninga av Jotunheimen vidaregåande skule er resultatet av ein heilt ekstraordinær innsats. Gjennom pågangsmot, dugnadsånd og eit sterkt samhald har bygdefolk, næringsliv, kommunar, organisasjonar og eldsjeler stått saman for å sikre eit vidaregåande skuletilbod i Lom. 

Lom kommune vil rette ein særleg varm og stor takk til TAFI, og til alle som har bidrege. Gratulerer med dagen! Les pressemeldinga frå regjeringa her: 

Det er framleis nokre ledige plassar i GRØNT GIR - men ver snar:

Vil bedrifta di vekse smartare og bruke berekraft som eit konkurransefortrinn? Grønt Gir er eit todelt utviklings- program som gir kompetanse, oversikt og verktøy for å jobbe målretta med berekraft – uansett bransje.

Les meir

Ta turen til grendamøte på Bøverdalen Samfunnshus onsdag 21.jan kl. 19.30:

Temaet er "Butikken som viktig samlingspunkt og vidare utvikling av Galdesand". Her får du høyre litt om det som skjer i grenda om dagen, med orientering frå m.a. Lom IL, Merkur og Bøverdalen Grendalag. Kvelden blir avrunda med idèdugnad og gruppearbeid om vidare utvikling, og vi håper at mange tek turen!

Les meir her:

Søk om tilskot frå næringslivsfondet 

SpareBank 1 Lom og Skjåk sitt næringslivsfond har som formål å fremme tiltak for å styrke næringslivet blant bankens kunder i Skjåk, Lom, Vågå, Dovre, Lesja og Sel. 

Søknadsfrist 10. februar 2026.

Les meir

Har du ei ledig stilling? Send oss ein selfie frå din arbeidsplass!

Den 4. januar er det fysisk jobbmesse på for Gudbrandsdalen kl. 12 - 14 på Otta.
Lom kommune skal stå på stand, og vi vil oppmode bedrifter frå Lom til å melde seg på! Påmelding: Merethe.Olstad@nav.no / tlf. 91 99 48 69.

Men - dersom du ikkje har tid / anledning til å delta så har vi ein artig ide! 
Send oss eit bilde av deg / folk på arbeidsplassen (type selfie) så kan vi bidra til å marknadsføre ALLE ledige stillingar i Lom denne dagen.
Send bildet ditt til ashild.amundsen@lom.kommune.no seinast innan 30. januar kl. 12, så fikser vi eit artig design og lokkar elevar og arbeidstakarar innom standen vår med bakst frå Bakeriet 😁

P.S: Dette er aktuelt for bedrifter som har ledige stilling / læreplassar som blir utlyst på komtiloss.no, med søknadsfrist etter 4. februar. 

P.S. 2: Takk til formannskapet som stilte sporty opp som fotomodellar!

Les meir

Søk om tilskot til natur- og kulturbasert næringsutvikling i 2026:

Interkommunalt politisk råd (IPR) for Nord-Gudbrandsdal opnar for søknader om midlar til kultur- og naturbaserte arrangement med kommersielt fokus i 2026.

Søknadsfristen er 1. februar 2026.
Ver obs på nytt søknadsskjema i år, som må nyttast.
Ta kontakt med anten IPR eller næringssjef viss du lurar på noko.

Les meir

På jakt etter arbeidskraft? Legg inn di stilling på komtiloss.no før 3. februar:

Treng du nye medarbeidarar eller lærlingar? Den 4. februar 2026 samlar vi arbeidsgjevarar, jobbsøkjarar og elevar til ein felles karrieredag, som innheld stillingsslepp, lærlingsslepp og jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta.

Frå 7. januar og fram til 3. februar kan du legge ut ledige stillingar, læreplassar etc. på www.komtiloss.no. Sjå også avsnitt lenger opp ang. jobbmessa. 

Les meir

Søk om tilskot frå Statskog innan 28. februar:

No kan du søkje om tilskot frå Statskog (tidlegare heitte "Grunneigarfondet").
Ordninga har fokus m.a. reduksjon av klimagassutslipp, tilpasning til klimaendringer, ivaretaking av natur og biologisk mangfold, reduksjon av forurensing og økonomiske, sosiale og kulturelle verdiskaping i lokalsamfunnet.
Tiltaket må bidra til å skape verdier på statsalmenning. Normalt ligg tildelingane på mellom kr. 50 000 - 200 000. Søknadsskjemaet blir tilgjengeleg frå 1. februar.

Les meir

Sjekk ut "Gudbrandsdalen på campus".  NB: kort påmeldingsfrist:

Vi deltek på karrieredagar – bli med og vis fram arbeidsmoglegheitene i Gudbrandsdalen!

I løpet av 2026 skal vi vere til stades på fleire karrieredagar ved universitet og høgskular for å synleggjere breidda i næringslivet vårt og rekruttere unge fagfolk til regionen. Dette gjer vi saman, under felles profil, for å styrkje Gudbrandsdalen som ein attraktiv arbeidsplass.

Første stopp:
Dato: Onsdag 11. februar
Tid: Kl. 10:00–15:00
Stad: NMBU, Ås

NB: Kort påmeldingsfrist: 20. januar 2026

Dette er ei unik moglegheit til å møte framtidige kandidatar og vise fram kva regionen har å tilby. Vi håpar du blir med! Sjå prisar og detaljar hjå Gudbrandsdal Næringsforening

Les meir

KVA SKJER:

Her får du ei oversikt over arrangement og frister som skjer framover: 

Takk for at du las nyheitsbrevet vårt!
Ta gjerne kontakt viss du har ris eller ros, eller følg oss på Lom næringsforum på Facebook / Instagram. 

Sjekk også ut vår nye heimeside på www.lom.kommune.no😊 

Kontaktinfo: 
 Næringssjef Åshild Myhre Amundsen på tlf. 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no