Næringspub 18. november 

Den 18. november inviterer vi til ein næringspub i Lom der vi presenterer nokre av dei "gode hjelparane" for bedriften i Ottadalen, i tillegg til at du kan mingle og kose deg med andre likesinna.

Her får du møte dei tre kommunane i Ottadalen, utviklingsselskapet Skåppå og Innovasjon Norge Innlandet på trivelege Dr. Garmo's på Fossheim. Hugsotte Gardsmjølk vil avrunde kvelden med å dele historia om si gründerreise.

Les meir her

Kva skjer i Vågå før jul -

info frå Vågå utvikling

Vågå utvikling vil trykke opp plakater i forbindelse med jul i Vågå.
Legg inn ditt arrangement på skjemaet.

OBS: Svarfrist 9. november

Legg inn på skjema her:

Hugs å bruke Friskus! 

Vågå kommune har investert i den digitale løysinga Friskus – ein gratis og brukervennleg aktivitetskalender for alle frivillige lag, organisasjonar og næringsaktørar i kommunen.

Friskus gjer det enkelt å dele arrangement og aktivitetar med innbyggjarar, tilflyttarar og turistar. Her får du oversikt over kva som skjer i bygdene våre – alt frå konsertar og kurs til turar og temakveldar.


Vi oppmodar alle aktørar til å ta i bruk Friskus for å synleggjere aktivitetane sine. Det er gratis og enkelt å komme i gang.

💡 Treng du hjelp?
Ta kontakt med kommunen – vi tilbyr opplæring og bistand til å opprette profil og publisere arrangement.

Sjå Friskus her:

SETT AV DATOEN!

KARIERREDAGEN 2026 – 4. FEBRUAR!

Den 4. februar braker det løs med Karrieredagen 2026 – dagen for stillingssleppet og lærlingssleppet i regionen!

Alle ledige stillinger og lærlingplasser vil på denne datoen publiseres på www.komtiloss.no

Samme dag inviterer vi til jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vgs, avd. Otta, der arbeidssøkere, lærlinger og arbeidsgivere møtes ansikt til ansikt.

 

 

Les meir

Vågå kommune er arrangør for

St. Hans-feiringa på Maihaugen

23. juni 2026

Vågå kommune har fått den ærefulle invitasjonen til å vere medarrangør for den tradisjonsrike St. Hans-feiringa på Maihaugen i Lillehammer den 23. juni 2026. Sist Vågå hadde denne rolla var i 2006, og no får vi igjen høve til å fylle friluftsmuseet med vår rike kulturarv og levande næringsliv.

Nå er det opp til Vågå kommune å sy saman eit flott program og vise fram det beste bygda har å by på, og oppmodar difor lag, organisasjonar og næringsaktørar til å melde si interesse dersom de vil vere med og bidra til denne unike sommarkvelden.

Les meir

Villreinarven – stimuleringsmidlar til tiltak for barn og unge

Har du eit godt prosjekt for barn og unge i Nord-Gudbrandsdalen som handlar om rein, fjell og kulturarv? No kan du søkje støtte på inntil kr 10 000 til aktivitetar som kurs, ekskursjonar, formidling og meir!

 Søknadsfrist: 1. desember 2025
 Send søknad til: anne@nordveggen.no

 Tiltaket må gjennomførast innan 15. juni 2026.

Les meir

Vågåtreffen i ny drakt – gratulerer med vellykka arrangement!

Førre helg arrangerte Vågå Trekkspelklubb sitt tradisjonsrike Vågåtreff – denne gongen i eit nytt og spennande format! Vågå kommune gratulerer klubben med eit vellukka arrangement og takkar for det frivillige engasjementet og kulturaktivitetane som Trekkspelklubben bidreg med.

KVA SKJER ELLERS?

Dette er eit nyheitsbrev frå næringsavdelinga i Vågå kommune. Nyheitsbrevet kjem ut med jevne og ujevne mellomrom. 

Er det noko du vil at vi skal dele, så ta kontakt!