|
Nytt til næringslivet, oktober 2025
|
|
|
|
|
Denne gongen er det bestemt - 18. november blir det næringspub på Fossheim (Dr. Garmo's )😁 Vi set fokus på verkemiddelapparatet, med Ottadalskommunane, Skåppå og Innovasjon Norge. Kven kan hjelpe deg, og med kva?
I tillegg får vi høyre gründerhistoria til Hugsotte Gardsmjølk, det er jo verdt turen i seg sjølv (sjå bilde).
Du kan melde deg på via denne lenka: (Helst innan 15. november).
Velkome til ein triveleg og "matnyttig" kveld!
|
|
|
|
|
TROLL 2 - med glimt frå Lom og Jotunheimen
Den norske storfilmen TROLL 2 har premiere på Netflix 1. desember, og byr på spektakulære scener frå ikoniske norske landskap – inkludert frå Jotunheimen og Lom!
Du kan sjå traileren her:
|
|
|
|
|
|
Næringsstipend skal fremje nyskaping, utvikling og vekst i næringslivet, med mål om fleire varige arbeidsplassar.
NB: Hugs å søkje innan utgangen av oktober.
|
|
|
Som friviljug organisasjon kan du søkje støtte frå Sparebankstiftelsen DNB innan fristen 1. desember. Stiftinga støttar tiltak innan kunst og kultur, friluftsliv, idrett, nærmiljø og kulturarv. Frist 1. desember.
|
|
|
|
|
|
Om du eig eller forvaltar eit kulturminne eller kulturmiljø, har fylkeskommunen fleire støtteordningar for deg.
Til saman åtte ulike tilskotsordningar har årleg søknadsfrist 1. november.
|
|
|
Enova har fleire støtteordningar innan industri og bygg /anlegg som kan vere aktuelle. Viss du vil søkje støtte til energitiltak i yrkesbygg må du søkje innan 21. november.
|
|
|
|
|
|
For medlem i Visit Jotunheimen og øvrig næringsliv i Lom.
Målet er uformell og triveleg mingling. Pris kr. 150 per pers.
Påmelding til mari@visitjotunheimen.no innan 7. november kl. 12.00
Treffet er mellom kl. 19-21 etter (selskapet si ekstraordinære generalforsamling).
|
|
|
|
|
|
Lom kommune har nyleg delteke på ein studietur til Heim, Sel og Rennebu saman med Bolignettverket for Innlandet. Temaet var bustadutvikling i distriktskommunar, og turen gav inspirasjon til korleis ein kan skape eit meir variert og tilgjengeleg bustadtilbod – både for unge, eldre og småbarnsfamiliar. Les meir om konkrete tiltak og idear som kan ha overføringsverdi til vår kommune her.
|
|
|
|
|
|
Er du ny i Ottadalen, eller har du berre lyst på eit større nettverk?
Gjennom "Bli hjå oss"-arrangementa kan du bli kjent med folk frå både Lom, Skjåk og Vågå!
Før jul blir det julegraut og kino i både Vågå (9. nov) og i Lom (9. des), så følg gjerne "Bli hjå oss i Ottadalen" på Facebook eller Friskus, så kjem det meir informasjon der snarleg ☺
|
|
|
|
|
|
Prosjektet Secrets of the Ice, med Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 som partnarar, har fått den prestisjetunge Europa Nostra Award 2025 – og i tillegg ein ekstra Grand Prix for sitt unike arbeid med brearkeologi. Juryen var særleg imponert over korleis prosjektet kombinerer forsking, formidling og engasjement rundt klimaendringar i høgfjellet.
Dagleg leiar Mai Bakken understrekar kor viktig det er å nå ut med kunnskapen:
– Det hjelper ikkje å sitje på mykje kunnskap dersom vi ikkje får spreidd ho.
|
|
|
|
|
|
13. november er det Gudbrandsdalskonferanse på Rudi Gard, og det er framleis mogleg å melde seg på - men ver rask.
Elles vil vi også gratulere alle som er nominert til kveldens tre prisutdelingar, mellom anna Ottadalen Mølle, Lom Vaskeri, Bring Før7 og Norsk fjellsenter / Klimapark 2469 frå Lom. Tvi tvi!
|
|
|
Næring og tilflyttingsarbeid 2024 / 2025
|
|
|
Vi har nyleg hatt ein presentasjon for formannskapet og kommunestyret, der vi prata litt om arbeidet vi driv med på næring / tilflytting og satsingsområda framover. Visit Jotunheimen og Gudbrandsdalsmuseet orientere også, så her kan det vere nyttig info.
Heile direktesendinga (Kommune-TV) kan du sjå på her (28.oktober):
Foto: Promobildet er tatt i forbindelse med revidering av sykkelbrosjyre, der SMELT Media tok nye bilder for oss hausten 2025.
|
|
|
KVA SKJER:
Her er litt av det som skjer framover:
|
|
|
|
📅
|
| 5. NOVEMBER - Seminar om biogass til transport på Vinstra |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 7. NOVEMBER - BLI MED INN: Stryvo Bismo |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 13. NOVEMBER - Gudbrandsdalskonferansen |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 18. NOVEMBER Grunnkurs i KI på Otta |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 18. NOVEMBER Næringspub på Dr. Garmo's (Fossheim) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| 25. NOVEMBER Effektivisering med KI - automatisering og avansert bruk (Otta) |
|
INFO
|
|
|
|
|
📅
|
| Full oversikt over alt som skjer av kultur/ fritidsaktivitetar i Lom? Sjekk ut Friskus/Lom |
|
INFO
|
|
|
|
|
Takk for at du har lest nyheitsbrevet vårt!
Har du innspel, ris eller ros?
Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen på tlf. 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no 😁
Følg oss gjerne på Lom næringsforum på Facebook
Vi har også to Instagram-profiler - Lom_nasjonalparklandsby og Lom_næringsforum
www.lom.kommune.no
www.komtilossnæring.no
|
|
|
|
|
|
|