Lemonsjøen Skisenter - Redningsaksjon!

Lemonsjøen Aktivum, saman med Kjetil og Asbjørn Villa frå Lemonsjøen Utvikling – og alle dykk som bidreg – går no saman for å gjenopne skisenteret ved Lemonsjøen. Dette er ei felles kraftsamling for bygda vår!

Vi står ved eit vegskilje. Skisenteret – hjartet og livsnerven i bygda – er stengt. Men no har vi ei moglegheit til å handle, saman, for å sikre at heisen kan starte opp att allereie i år.

Dette er ei redningsaksjon for heile Lemonsjøen – ei sjanse til å ta vare på identiteten vår og skape ei lysare framtid for alle.

STØTT SPLEISEN HER

 

Pizza og  Bowling på Klubben – 22.10

Bli hjå oss!

Skjåk, Lom og Vågå kommune inviterer til ein uformell og koseleg kveld med pizza og bowling på Klubben i Vågå – for både tilflyttarar og fastbuande i alle tre kommunane.

Les meir
 

TV-aksjonen 2025 – Eit løft for funksjonshemma i krig og fattigdom

Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen, ein paraplyorganisasjon for norske funksjonshemma som jobbar internasjonalt for rettar og betre levekår. Midlane frå aksjonen skal gi 200 000 menneske med funksjonsnedsetjingar i Ukraina, Palestina, Nepal, Zambia, Tanzania, Etiopia og Uganda eit betre liv. 

Pengane skal gå til:

  • Skulegang og inkluderande utdanning
  • Helsehjelp og nødhjelp
  • Hjelpemiddel som rullestolar, proteser, kvite stokkar og punktskriftbøker
  • Tiltak for økonomisk sjølvstende, som opplæring og støtte til småbedrifter

Personar med funksjonsnedsetjingar er blant dei mest sårbare i krig og kriser. Mange blir utestengt frå nødhjelp, skule og arbeid – og får ikkje tilgang til livsviktige tenester. TV-aksjonen 2025 skal bidra til at desse menneska får hjelp, tryggleik og moglegheiter til å leve verdige liv.

Aksjonsdagen er søndag 19. oktober, og vi oppmodar næringslivet i Vågå til å støtte opp 

👉 Les meir om Atlas-alliansen og årets aksjon: atlas-alliansen.no

 

 

Frokostseminar: Korleis lykkast med eksport?

Tid: Onsdag 08:00–10:00
Stad: Lonbakken Mekaniske Verksted, Otta

Vurderer du å ta bedrifta di ut i verda? På dette frokostseminaret får du konkrete råd, innsikt i eksportmoglegheiter i Innlandet og høve til å lære av andre som har gjort eksportreisa.

Gratis og inspirerande – meld deg på!

Les meir
 

Gratis hørselstest på Frivilligsentralen

Vågå Hørselslag inviterer til gratis hørselstest på Vågå Frivilligsentral tysdag 21. oktober, mellom kl. 11.00 og 17.00.

Tilbodet er ope for alle, og vi oppmodar spesielt bedrifter til å informere sine tilsette om denne moglegheita. God hørsel er viktig for både trivsel og tryggleik i kvardagen – ta vare på hørselen din!

For bedrifter:
Dei som ønskjer å teste hørselen, melder frå til sin leiar eller HMS-ansvarleg. Når bedrifta har oversikt over kven som vil delta, sender leiar ei namneliste på e-post til Vågå Hørselslag:
📧 hlfvaga@hotmail.com

Velkomen til ein viktig helsesjekk – og takk for at du tar vare på hørselen din!

 

Høyring - Trafikktryggleiksplan 2025-2029 Vågå kommune

Høyringsfrist - torsdag 6. november 2025.

Vågå kommune har utarbeid ny Trafikktryggleiksplan for perioden 2025–2029, og legg no planen ut på offentleg høyring.

Innspel sendas til postmottak@vaga.kommune.no

Les meir
 

Velkomne til Vågåtreff i ny drakt!

30. oktober til 2. november går Vågåtreff av stabelen – med nytt innhald og nye arenaer, men med den gode stemninga i behald! Med aktivitetar frå torsdag til laurdag. 

Vågå kommune ønskjer arrangørane og deltakarane lukke til med treffet, og håpar mange tek turen til bygda for å oppleve folkemusikk, fellesskap og fest!

Meir om arrangementet kan du lese her: 

 

Kven vinn prisane for 2025?

No kan du vere med og påverke kven som skal få InnlandsprisenInnovasjonsprisen og Ung INNspirator!

I fjor vart prisane delte ut til glade vinnarar under Agenda Innlandet, og no er det tid for å løfte fram nye kandidatar som har gjort ein viktig innsats for Innlandet.

Send inn dine forslag innan 15. oktober.

Les meir
 

No kan du søkje om tilskot til kulturminne

Søknadsfristen er 1. november 2025.

Eig du, eller forvaltar du, eit kulturminne eller eit kulturmiljø? Då har fylkeskommunen fleire støtteordningar du kan søkje på.

 

Les meir
 

Søk næringsstipend – frist innan utgangen av oktober

SpareBank 1 Lom og Skjåk sparebank lyser ut næringsstipend for 2025. Stipendet skal bidra til nyskaping, utvikling og varig verdiskaping i næringslivet i området. 

Søknadsfrist innen utgangen av oktober.

Les meir

Nyheitsbrev frå næringsavdelinga i Vågå kommune

Dette nyheitsbrevet er sendt ut av næringsavdelinga i Vågå kommune, med aktuelt stoff for næringslivet i bygda.

Har du innspel, spørsmål eller idear du vil drøfte eller nyheiter du vil at vi skal dele? Ta gjerne kontakt på mail eller telefon. 

Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo