Velkomen til planleggingsmøte for

Jul i Vågå 2025!

Jula kjem ikkje av seg sjølv – korleis ønskjer du at jula i bygda vår skal vere?

Torsdag 25. september kl. 19.00 inviterer Vågå Utvikling til planleggingsmøte på Veistadhjørnet Kafé for årets julefeiring i Vågå.

Korleis kan vi gjere Vågå til ei endå meir levande julebygd – både for sambygdingar og gjester? Kva kan vi gjere for å skape trivsel, trekkje folk til bygda og samtidig styrke det lokale næringslivet?

 

Arrangement i bygda

Haust utstilling i Ullinsvin

Årets haustutstilling – Morten Krogvold med utvalde Helene Fjell og Dag Selboskar – blir vist i Galleri Ullinsvin frå 27. september til 26. oktober. Eiga program for opningshelga som inkluderer både kunstnarsamtale, film, portfolio og sosialt samver.

Utstillinga vil vere ope laurdagar og søndagar i perioda, samt etter avtale. Ta kontakt for førehandsbestilling på post@ullinsvin.no eller tlf. 99693921. Vi skreddarsyr også gjerne opplegg for grupper osv. utanom den ordinære opningstida.

Velkomen til kunst- og kulturopplevingar i Ullinsvin!

 

Kva skjer i bygda i helga? 

Det er ikkje lett å finne oversikt over arrangement i Vågå for resten av september – så skal du arrangere noko som du vil dele med næringslivet, så tips oss! Og bruk FRISKUS. 

Men éin ting veit vi: I helga blir det 50-årsdag – og alle er velkomne! 🎂
Feiringa skjer på Lihjørnet og Bokhandelen, med levande musikk av ypperste klasse og god mat i godt lag.

 

Vi ønskjer Eventlink lykke til med arrangementet – og gratulerer så mykje til jubilanten! 🥳

Les meir:

Spennende frokostmøte på Villa Vågå

Takk for eit inspirerande frukostmøte på Villa Vågå hotell!

Denne veka samla vi næringsliv, kommune og engasjerte deltakarar til frukostmøte med viktige tema på agendaen. Det var både lærerikt og motiverande å høyre korleis næringslivet kan bidra til å gjere Vågå til eit meir demensvennleg samfunn – gjennom små grep som skapar tryggleik og inkludering.

I tillegg fekk vi nyttige tips til korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i arbeidskvardagen – både for effektivisering og betre tenesteutvikling.

Takk til alle som møtte opp og bidrog med gode innspel og engasjement!



Bli betre kjent med Nasjonalforeningen Vågå demensforening og arbeidet dei gjer her:

 

Vil du lære meir om KI i kvardagen - Meld deg på Skåppå sitt kurs den 26.09

ANDRE NYHEITER: 

Næringsstipend frå SPAREBANK 1 LOM OG SKJÅK NÆRINGSLIVSFOND 2025

Næringsstipend skal bidra til nyskaping, utvikling og vekst i næringslivet, med mål om flere varige arbeidsplasser i Skjåk, Lom, Vågå, Dovre, Lesja og Sel. Næringsstipend kan gis til nyetablerere og næringsdrivende i Skjåk, Lom, Vågå, Dovre, Lesja og Sel, eller sammenslutninger der hovedvekten av næringsdrivende er innenfor de ovenfor nevnte kommuner. Antall stipend og respektive stipendbeløp vurderes ut fra omfanget av søknader.

Prosjekt i 2026 med tanke på å rekruttere til bestemte næringer, eks. gjennom opplæringstiltak for sommerhjelper, kan det søkes om i denne runden.

Næringsstipend lyses ut med søknadsfrist innen utgangen av oktober.

Søk her

Friskus – eit viktig verktøy for aktivitet og fellesskap i Vågå - ta det i bruk! 

Vågå kommune nyttar aktivitetsplattformen Friskus som ein felles digital møteplass for arrangement, frivillig innsats og lokal informasjon. Her kan både organisasjonar, lag og næringsliv synleggjere aktivitetar, dele arrangement og nå ut til innbyggjarar i alle aldrar.

Friskus gjer det enkelt å finne fram til det som skjer i bygda – frå kurs og kulturkveldar til trening, dugnad og møte. For kommunen er plattforma eit viktig verktøy for å styrke deltaking, samspel og inkludering.

Vi oppmodar alle lokale aktørar til å ta i bruk Friskus aktivt. Jo fleire som brukar Friskus, jo meir levande og tilgjengeleg blir bygda vår – både for sambygdingar og tilreisande.

👉 Gå til vaga.friskus.com og bli med!

 

"De kvinnelige polarheltene"

Tradisjonsgarver og stipendiat Sofie Kleppe, har avsluttende prøve og opning av utstillingen "De kvinnelige polarheltene" den 25. september på Ullinsvin i Vågå. 

 

DE KVINNELIGE POLARHELTENE

Utstilling om skinn og klede av Sofie Kleppe

Kvar | Låven, Ullinsvin

Når | 25.september, kl. 19.00

Roald Amundsen hadde neppe vore den fyrste på Sydpolen dersom han ikkje hadde hatt på seg varme klede. Han fekk hjelp av samar og inuittar til å lage varme klede av skinn og pels.

Dette er noko som Sofie Kleppe har utforska som stipendiat i garvarfaget ved Norsk Håndverksinstitutt. Resultatet av forskinga blir vist i utstillinga på Låven i Ullinsvin i haust.Utstillinga handlar om skinn, garving og klede, og Sofie vil vise bilder og fortelje om jakta på kunnskap og møter med tradisjonsberarar på Grønland og i Finnmark.

Sjå meir: 

INNOVASJON NORGE - PROGRAM FOR INTERNATIONAL SATSING

Innovasjon Norge tilbyr to spennande Global Growth-program for reiselivsbedrifter med vekstambisjonar:

Natur og kultur for DACH-markedet:

For deg som vil nå tysktalande gjester med berekraftige opplevingar i natur og kultur – og som ser verdien i skuldersesongen. 

 

Premium Adventure Travel:

 

For deg som tilbyr høgkvalitetsopplevingar til amerikanske eventyrlystne gjester – med fokus på komfort, personleg service og ekte norsk kultur. 

Les meir her:

Informasjonsmøte: Grindstugulego Burettslag – Seniorbustader i sentrum

 Onsdag 24. september kl. 18.00
 Frivilligsentralen i Vågå

Vågå kommune inviterer til informasjonsmøte om det nye bustadprosjektet Grindstugulego burettslag – eit framtidsretta tilbod for seniorar som ønskjer å bu sentralt, trygt og sosialt i hjartet av Vågå.

På møtet får du innsikt i planane, moglegheitene og tankane bak prosjektet – og du kan stille spørsmål direkte til kommunen og Vågå bustadselskap.

Velkomen til ein informativ og inspirerande kveld!

 

Nytt frå næringslivet 

Døgnopen butikk på Lalm

Forrige veke vart den nye døgnopne butikken på Lalm offisielt opna av ordføraren, representantar frå distriktsenteret og Innlandet fylkeskommune. 

Med denne løysinga kan kundar låse  etter ordinær opningstid, handle på vanleg måte og betale i sjølvbetjent kasse. Butikken er kopla til ein kontrollsentral som gir tryggleik og hjelp ved behov.

Dette er eit viktig tilskot til lokal handel og service, og bidreg til å styrke Lalm som eit levande bygdesamfunn.

Vågå kommune gratulerer med opninga og ønskjer lukke til med vidare drift!

 

Opning kvileplass på YX Vågå

Førre veke vart den nye døgnopne kvileplassen ved YX Vågå offisielt opna av ordføraren. Plassen er etablert av Smedsmo & Lian AS i samarbeid med Statens vegvesen.

Kvileplassen ligg strategisk til ved riksveg 15 og har 13 oppstillingsplassar for tungtransport. Her er det lagt til rette for trygg og komfortabel kvile med tilgang til strømuttak for kjøle- og aggregatbilar, sanitæranlegg med dusj og toalett, snøryddingsrampe, utemøblar og søppelsortering.

Tiltaket er ein del av Statens vegvesen sitt arbeid med å styrke samfunnstryggleik og arbeidsvilkår for sjåførar. 

Vi gratulerer med opninga og ønskjer lukke til med vidare drift!

 

Nå kan du nominere dine kandidater til årets priser på Gudbrandsdalskonferansen!

I i fjor vart Brun Bygg vinner av Verdiskapingsprisen 2024. Nå kan du nominere kandidatar til årets priser. 

Du kan nominere til: 

Ung Verdiskaper Verdiskapingsprisen  Bærekraftsprisen 

 

Les meir og nominer kandidatar

 

KVA SKJER:

Vågå kommune har facebookgruppa Vågå næringsforum. Der kan dykk som næringsaktørar legge ut det dykk ynskjer å dele. 

Takk for at du har lest nyheitsbrevet vårt!

Ta gjerne kontakt på mail live.brimi@vaga.kommune.no

Følg oss gjerne på Vågå næringsforum


www.vaga.kommune.no
www.komtilossnæring.no