Våre kjære vikarar Linda og Olena er ferdige i Lom kommune, og i sumar var Hege attende på plass som bustadkonsulent og bygdeutviklar.
Og ja - vi må få tatt eit nytt bilde, men det er vel snart jul att :-)
Hausten er ei travel tid i kommunen. Vi gjer så godt vi kan for å rekke over alt, og per no har Hege hovudansvar for tilflyttingsarbeidet vårt, og forvaltning av kommunale utleigebustadar. Åshild har hovudfokuset på næringsutvikling, men vi samarbeider sjølvsagt tett om mange oppgåver.
Akkurat no går det med mykje tid på å innløyse festetomter i industriområdet, som gir litt mindre tid til andre oppgåver i ei periode. Men; Vi er veldig glad for at mange bedrifter, både etablerte og nyetablerte, tek kontakt med oss. Ved behov koblar vi på Skåppå for tettare oppfølging over tid.
Åshild kjem gjerne også ut på bedriftsbesøk ved høve, så ta kontakt dersom du vil at vi skal kome innom.
Dersom vil lese litt om ståa i Lom kommune om dagen kan du ta ein titt på NHO sitt kommunebarometer. Her ligg vi ca. midt på treet både i fylket og nasjonalt, med en 25 plass i Innlandet og 235 i landet. Vi scorer godt på mellom anna få arbeidsledige og ein høg sysselsettingsandel , men får ein dårleg totalscore på kommuneøkonomi og demografi.
Du kan lese meir om målingane her:
Beste helsing frå Hege og Åshild
|