Frukostmøte - 17 september på Villa Vågå hotell
Skåppå, Gudbrandsdalen Næringsforening, Vågå utvikling og Vågå kommune inviterer til Næringsfrukost – ein morgon med innsikt, refleksjon og dialog.
Vi byr på to spennande faginnlegg:
Korleis kan næringslivet bidra til å gjere Vågå til eit demensvennleg samfunn ved Vågå demensforening
– Kva betyr det å vere demensvennleg, og korleis kan vi saman skape eit inkluderande lokalsamfunn?
KI i praksis – moglegheiter og fallgruver med kunstig intelligens som arbeidsverktøy ved Vidar Åsbakk, Skåppå
– Teknologien gir oss nye verktøy, men kva skjer når vi ikkje får det til å fungere? Er du interessert i kva KI kan gjere for deg i din arbeidskvardag? Få ein introduksjon og lær meir om muligheter og fallgruver.
Etter presentasjonane blir det høve til praktisk opplæring i KI for dei som ynskjer å lære meir.
Frukost blir servert frå kl. 07:45, og programmet startar kl. 08:00.
Arrangementet er gratis – meld deg på ved å sende e-post til live.brimi@vaga.kommune.no
Velkomen til ein inspirerande start på dagen!
|