LANSERINGAR: 

Lom har vorte Freysta-medlem!

Kva betyr det? 

Kort fortalt er Freysta ein bygdeportal på engelsk, der målet er å gjere det enklare å finne fram til "drømmebygda di", særleg for eit internasjonalt publikum. 

Denne veka er Lom "village of the week", noko som gjer at vi får litt ekstra merksemd i Freysta sine kanalar. 
Sjekk gjerne ut profilen til Lom her, og tips oss gjerne dersom vi har gløymt noko viktig😀

Takk for lån av bildet, Marit Sletten / Hilde Graffer!

 - og Lom har inngått samarbeid med Friskus

Mange har ønska seg ein betre "kva skjer"-kalender for Lom, og no er den her! ENDELEG!

Nå er målet at så mange som mogleg, både innbyggjarar, friviljuge, privat næringsliv og offentleg sektor tek den i bruk. Kalenderen kan enkelt integreres til heimesider, infoskjermer m.m.

Og starten ser lovande ut - sjekk ut kalenderen her!
Vil du bli arrangør? Registrer deg her:
Klikk her for å sjå alle arrangørane

Takk for lån av bildet, Thor Hauknes!

FRUKOSTMØTE PÅ FOSSBERG 21. AUGUST

Start dagen med frokost og fag på Fossberg hotell!

🔨Brun Bygg fortel om det pågåande prosjektet ved Lom helseheim. ⚡️
Nordplan gir oss innføring i energimerking og andre tenester innan energitenester.
👉 Einar Haugen flyttar heim att til Lom og tek med seg familieverksemda Hawi Norge AS. Bli kjend med han og Hawi denne morgonen.

​​​​​​​Arrangementet er gratis og ope for alle.
Meld deg på her:

Kurstilbod hausten 2025

Her kjem lenke til diverse kurstilbod hausten 2025: 

Etableringskurs gjennom Skåppå: 

Forkurs fysisk på Otta 01.sept
Hovedkurs digitalt 24.sept.
Hovedkurs digitalt 23.okt.


Fagskolen Innlandet: 
Forbedringsprosesser og mellommenneskelig samspill i egen bedrift - Otta

Karriere Innlandet: 

Faglært salsmedarbeider - i Lom!
Oppstart hausten 2025 v/ minimum 12 deltakarar. 
Andre tilbod via Karrieresenteret: 

Les meir om modulutdanninga til Fagskolen her

NYE SØPPELDUNKER I SENTRUM:

I moglegheitsstudie for Fossbergom frå 2022 vart det peikt på at dagens søppelkasser i sentrum, som i stor grad er spesialbygde i tre, med lokk med saltak, er modne for utskifting. I rapporten frå Nordplan står det at "dei byrjar både å bli slitte, det kan vera vanskeleg å oppfatte formålet, og i tillegg er lokka svært tunge, slik at dei ikkje tilfredsstiller krav til universell utforming".

Dette har ført til at kommunen no har kjøpt inn fem nye søppeldunker av typen Molok Classic Light 2m³. Bildet er lånt av Molok.

Les meir om innkjøpet her: 

ANDRE NYHEITER: 

Visit Jotunheimen feirar 10 år!

Og inviterer bygda til gratis konsert i Lom stavkyrkje 2.juni klokka 19 😁

I samarbeid med SpareBank 1 Lom og Skjåk inviterer vi bygdefolk i Lom, Skjåk og Vågå til historisk og musikalsk feiring!
🎻Konsert med Bjørn Kåre Odde, Mari Midtli, Mads Erik Odde og Lom spelmannslag:
ℹ️ Det blir historieforteljing - kor du får dei store linjene av historia til reiselivslaget - Visit Jotunheimen gjennom 10 år!
⛪️ Vi får ei mini-omsyning i den vakre stavkyrkja.

Annovogna vil vere på plass utanfor kyrkja.

Spørjeundersøking


Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule deltek i Erasmus-prosjektet "Keen and New in Tourism 2024" (KNiT24), som skal styrkje rekrutteringa til mat- og reiselivsbedrifter i Nordjylland, Åland og Gudbrandsdalen.

Prosjektet har intervjua 85 studentar/elevar innan næringa og ønskjer no ditt perspektiv!  Undersøkinga tek ca. 10 minutt, og du deltek i trekkinga av eit gåvekort frå Dølakjøtt, Otta (verdi kr 1000,-). 

SVAR HER: 

Sanering av Telenor sitt gamle kobbernett

Linjeproff AS vil i løpet av sommaren 2025 starte med sanering av Telenor sitt gamle kobbernett i Lom kommune. Arbeidet er eit ledd i Telenor si nasjonale utfasing av kobbernettet, og blir gjennomført på oppdrag frå Telenor Norge AS.

Arbeidet vil i hovudsak føregå langs hovudveg og linjestrekk i områda Bøverdalen, Garmo og Lia. 

Les meir her:

Bedriftsnyheiter frå media (for abo.)

Aktiv i Lom har nye drivarar
Einar flyttar heim att og tek med seg bedrifta HAWI AS
Merete skal ha si fyrste debututstilling
Presthaugen er rigge til stor folkefest
Spennande utbyggingsplanar på Norsk fjellsenter
Pop-up utstilling i Lom
Jotunheimen privatistskule tilbyr Vg2-anleggsteknikk i Lom
Anno-vogna er på plass
 

Les meir frå lokalavisa Fjuken her:

KVA SKJER:

Her er litt av det som skjer framover: 

Takk for at du har lest nyheitsbrevet vårt!

Har du innspel, ris eller ros?
Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen på tlf. 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no  😁

Følg oss gjerne på Lom næringsforum på Facebook 
Vi har også to Instagram-profiler - Lom_nasjonalparklandsby og Lom_næringsforum

www.lom.kommune.no
www.komtilossnæring.no