Workshop og opplæring i Friskus

 

Vågå kommune har gått til innkjøp av lisens hjå Friskus – nokre av dykk har kanskje høyrt om det frå før, medan det er nytt for andre. Friskus er ein digital plattform der innbyggjarar i alle aldrar kan finne informasjon om aktivitetar og tilbod i nærmiljøet. Det er gratis for alle lag og foreiningar å vere med, og plattforma gir dykk ei unik moglegheit til å synleggjere det gode arbeidet de allereie gjer. Vi ynskjer også å invitere næringslivet i Vågå til å bruke denne plattforma.

Målet med workshopen er at alle lag og organisasjonar og aktørar i Vågå skal få oppretta si eiga arrangørside. Gjennom denne sida kan de presentere aktivitetane dykkar, rekruttere frivillige og styrke tilknytinga til lokalsamfunnet.

 

📅 Tid: Torsdag 22. mai kl. 19:00
📍 Stad: Kommunestyresalen, Kommunehuset
☕ Kaffe og biteti

👉 Les meir om Friskus her: https://friskusas.no/

 

PS! Passar det ikkje å delta i Vågå den 22.05, så kan du få delta i Lom den 21.05 kl 18:00 

Nytt og nyttig

 
 

Ynskjer du besøk? 

I veke 27 reiser ordførar og næringssjef som vanleg på rundreise hjå næringslivet i Vågå kommune. Målsetninga er å bli kjent med næringsslivet

Har du lyst på besøk av oss, så gje oss bekjed! 

ja, eg vil gjerne ha besøk!
 

KVA SKJER I NÆRINGSLIVET 

Ny heimeside Lugumstugu

Lugumstugu har lansert nye heimesider med nettbutikk og blomsterabonnement. 

Vi gratulerer så mye!

Sjå heimesida her

Sommarutstilling Ullinsvin

Årets sommarutstillingar opnar 21. juni. Siste utstillingsdag er søndag 7. september.

Ope kvar dag i sesong

Les meir på Ullinsvin.no

NYTTIGE ARRANGMENT 

 
 

Opplæring i friskus

Næringslivet i Vågå inviteres til å delta på Friskus opplæring!

Har du ofte arrangement eller aktivitetar, så kan dette være eit nyttig verktøy for deg! 

Les meir
 
 
 

Lokalmatdag for reiselivsbedrifter

Torsdag 15. mai kl. 12:00 - 15:00 på Smak i Lom. 

Påmelding
 

INFORMASJON FRÅ VÅGÅ KOMMUNE

Merkesesong for flyfoto

Kartverket skal gjennomføre flyfotografering i sommar og dei næraste månadane kan du treffe på landmålarar som maler kvite firkantar på bakken

Les meir

Søkje næringsfond? 

Vågå kommune sitt næringsfond har løpande søknadsfrist, men vi vil anbefale deg å lese gjennom vedtektene fyrst eller ta kontakt for dialog. 

Les meir
 
 

Afterwork på Sentral'n 

Er du ny i bygda og ynskjer å bli kjent med folk? Eller har du budd her ei stund, men saknar fleire sosiale møteplassar? Bli med på afterwork. Prosjektet "bli hjå oss" er finansert av kommunene og Innlandet fylkeskommune

Torsdag 22.mai frå kl 16.00

Les meir
 

Familiefiskedag 

I samarbeid med Skjåk Almenning, DNT og Jeger og fisk arrangerer Vågå, Skjåk og Lom kommune ein familiefiskedag. Arrangementet er ein del av prosjekte "bli hjå oss" og er finansiert av IFK

Les meir

Samfunnsplanen

Spørjeundersøkinga er framleis ope, så det er mogleg å kome med dine innspel tidleg i prosessen rundt samfunnsplanen. Det kjem også fleire moglegheiter til å kome med innspel senare

Les meir

Dette er eit nyheitsbrev som er sendt ut frå næringsavdelinga i Vågå kommune med jevne og ujevne mellomrom. Gje oss eit tips om det er noko som skjer som du ynskjer at vi skal dele.

 

Har du ein ide eller ei vekstmoglegheit som du ynskjer å diskutere, så ta kontakt på mail; Live.brimi@vaga.kommune.no

Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo