|
Nytt til næringslivet, mai 2025
|
|
NYTT FRÅ INDUSTRIOMRÅDET I LOM
|
|
Ny bedrift i Lom
Einar Haugen og Nina Marie Winther Arheim står bak bedrifta HAWI, som no flyttar til Lom. HAWI har spesialisert seg på produksjonskontroll for prosessindustrien og rådgjeving knytt til det grøne skiftet, og ynskjer å etablere eit kompetansesenter for sirkulære massar i kommunen. Dei har søkt om å få kjøpe ei næringstomt i Skjærsarøye, og dette vart samrøystes vedteke i formannskapet. Vi ynskjer bedrifta (og folka bak) lykke til med satsing!
|
|
|
|
KVA SKJER:
Her får du ei oversikt over arrangement for næringslivet framover:
|
|
|
📅
|
8. MAI - Frukostmøte Ringebu, med tema berekraft. Gratis og ope for alle! |
|
PÅMELDING
|
|
|
|
📅
|
5. - 9. MAI - Berekraftsuken 2025 m/ Norconsult.
60 gratis webinarar med berekraft som rød tråd. |
|
INFO
|
|
|
|
📅
|
22. MAI - Digitalt frukostmøte om styrearbeid. |
|
INFO
|
|
|
|
📅
|
2. JUNI - Arbeidskraftløftet. Digitalt medlemsmøte i NHO |
|
INFO
|
|
|
|
📅
|
3. JUNI - Tilbodsfrist for anbod: bygging av ny barnehage og helsestasjon i Bismo |
|
INFO
|
|
|
|
📅
|
FRÅ 19. JUNI - Jubileumsveke på Leirvassbu |
|
INFO
|
|
|
|
|
Nyleg hadde vi besøk av 8. klasse på Lom ungdomsskule, som er i ferd med å etablere si eiga elevbedrift. Stian frå Ungt entreprenørskap ga ungdommane ei innføring og John Are Grjotheim frå Lom bryggeri fortalte om sin kvardag i bryggeri. Tusen takk for ein fin dag, og til Fjellbanken som spanderte lunsj! Vi gler oss til å sjå korleis det går med elevbedriftene😃
|
|
|
Fyrste industrimelding på 8 år
|
|
I regjeringen si nye stortingsmelding om industri blir det peika på seks industripolitiske prioriteringar. Målet er at industrien skal ha tilgang på rein og rimeleg kraft, kompetent arbeidskraft og eit velorganisert arbeidsliv. Vidare skal industrien m.a. vere nyskapande, utvikle og utnytte ny teknologi, bidra til lavutsleppssamfunnet og ha god marknadstilgang.
|
|
|
PÅ BEDRIFTSBESØK SAMAN MED SKÅPPÅ OG GNF:
|
|
På besøk til:
Ottadalen Mølle
Ottadalen Mølle er blant dei tre største bedriftene i Lom, og har nyleg fått ny styreleiar og dagleg leiar. Vi tok turen innom og fekk ei spennande omvisning i produksjonsdelen og ei auka forståing for all logistikken som ligg bak kraftforproduksjonen. Dette er eit imponerande maskineri som vi er stolte av. Takk til Arne som viste oss rundt!
Bildet er tatt av Skåppå.
|
|
På besøk til:
Lom Biovarme
Lom biovarme vart starta opp i 2012 og leverer miljøvennleg varme til kommunale bygg og private aktørar. Bedrifta forsyner m.a. helseheimen, Utgard og Ottadalen Mølle. Aksjonærane bak Lom Biovarme eig også delar av Skjåk biovarme. Vi er glade for at denne bedrifta har lokalt eigarskap, både med tanke på verdiskaping, sysselsetting og ikkje minst beredskap. Takk til Hallvard som viste oss rundt! Bildet er tatt av Skåppå.
|
|
|
Regjeringa har lagt fram"Lov om besøksbidrag", såkalla turistskatt
|
|
Lovforslaget som no er lagt fram opnar opp for at kommunar som ynskjer det kan ta inn eit kommunalt besøksbidrag på 3% frå besøkande. Besøksbidraget kan sesongjusterast, og pålegges alle former for overnatting, inkludert hotell, camping og AirBnb. Cruise blir førebels ikkje ramma av lovforslaget, men skal utgreiiast i fase 2. Inntekta frå besøksbidraget skal gå til å finansiere reiselivsrelaterte fellesgoder, t.d. tilrettelegging av stigar, toalett og søppeltømming.
Saka skal etter planen opp til fyrste behandling i Stortinget 4. juni.
|
|
|
Skal du miljøsertifisere bedrifta di?
|
|
No er det mogleg å søkje om inntil kr. 20 000 (50%) i tilskot til prosessen.
Dette gjeld uavhengig av bransje, og er høgaktuelt sidan hovudregelen no er at klima- og miljøhensyn skal vektes minimum 30% i offentlege anbod.
Tilskotsordninga frå kommunalt næringsfond er heller ikkje knytt til ei spesifikk sertifisering - du velger den som passer best for di bedrift. Du kan t.d. sjekke ut ISO-sertifisering, miljøfyrtårn, Svanemerket og Norsk økoturisme.
Er du interessert? Ta gjerne kontakt med næringssjefen for å høyre meir.
NB: Kommunen støtter ikkje re-sertifisering.
|
|
|
Ny barnehage i Skjåk - prosjektet er ute på anbod
|
|
Skjåk kommune har nå lyst ut anbodskonkurranse for bygging av ny barnehage i Bismo. Entreprenørar er inviterte til å levere tilbod innan fristen som er sett til 3. juni. Prosjektet markerer eit viktig løft for kommunen sitt barnehagetilbod, og bygginga er planlagt med oppstart hausten 2025. Ferdigstilling er venta til barnehageåret tek til hausten 2026.
|
|
|
Ta gjerne kontakt med næringssjef Åshild Myhre Amundsen på tlf. 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no
etter behov 😁 Følg oss gjerne på Lom næringsforum på FB / Instagram.
|
|
|
|
|
|