|
Vellykka næringskveld
Den 27. mars inviterte Visit Vågå og Vågå kommune til ein uformell og sosial næringskveld. Nesten 40 personar deltok, og Moens Kjøttforretning sørga for deilig mat, medan Lie Hjørna stilte med lokal, brus og kaffe.
På møtet vart det blant anna diskutert etableringa av ei lokal næringsforening. Det vart oppretta ein valkomité beståande av Julie Rennesund, Martin Snerle og Mette Ragnhild Valde Damstuen. Valkomiteen søker eit engasjert og motivert styre som er klare for å arbeide for det beste for næringslivet i Vågå.
Vi håpar at du tek kontakt med ein av medlemmane i valkomiteen dersom du ynskjer å bidra i styret!
|
|
|
|
|
|
|
|
Arrangerte international workshop
|
|
Innovasjon Norge var i mars på besøk i Vågå for å arrangere international Workshop for reiselivet. Det var lærerike og spennende dagar for bedriftene frå Ottadalen som deltok
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ny satsing på Liehjørna
Eventlink har opna på Liehjørna.
Liehjørna er først og fremst ein “skjenkestue” med eit lite matutvalg som kan nytes med noe godt i glasset.
Gratulere til dei nye eigarane og drivarane!
|
|
Nye drivarar på Veistadhjørne Kafe
Moens kjøttvareforretning har teke over drifta på Veistadhjørnet kafe!
Kafeen vil bli dreve med same tilbod som tidlegare, men med middagsservering etterkvart.
Gratulerer til dei nye drivarane.
|
|
|
Nye drivarar på Sov Lodge
Drivarane på Andre Etasje, Julia og Mari har overteke drifta på Sov Lodge. Dei skal etter planen opne i mai.
Gratulere til dei nye drivarane
|
|
Bygge JA på Jotunfjell Alpakka
Jotunfjell Alpakka har fått godkjent sitt nye prosjekt med nytt servicebygg og overnattingsenheter.
Gratulere så mye, vi gleder oss!
|
|
|
Informasjonsmøte om leiligheiter på Engumtomta
10 april kl 18:00 held Finnkanten Eigedom og eigedomsmeglar 1 informasjonsmøte om dei nye leiligheitene på Engumtomta
|
|
FRISKUS
Vågå kommune har inngått avtale med FRISKUS som er ein aktivitetskalender. Det vil bli arrangert info og opplæringsmøter i mai
|
|
|
|
|
|
Landskappleiken 2029 i Vågå!
|
|
Vågå spel og dansarlag har fått tildelt landskappleiken for 2029!
Dato: 27. juni - 1. juli 2029
Dette gler vi oss til!
|
|
|
|
|
|
|
|
GJE INNSPEL PÅ SAMFUNNSPLANEN
Vågå kommune skal i løpet av 2025/2026 revidere kommuneplanen sin samfunnsdel. Det er vedteke at dagens samfunnsdel berre skal reviderast. Den gjeldande kommuneplanen vart vedteke i 2017 og er gjeldande til 2027. Den nye planen skal gjelde frå 2027 til 2037, så her gjeld det å tenke lange tankar.
Vi kjem til å involvere på mange måtar og startar med ei spørjeundersøking der du kan gje dine innspel på tema innanfor næring som kan takast inn som mål og/eller vegval.
Denne undersøkinga gjeld berre temaet næring, som er eit av dei fire fokusområda i samfunnsplanen
|
|
|
|
|
|
|
|
Business to Business-Møtecup
|
|
Gudbrandsdal Næringsforening inivterer til Business to Business-arrangement, der fokuset er å styrke nettverket og samarbeidet mellom bedriftane i regionen
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Visit Gjende arrangerer utekonsert på Gjendeosen Langfredag frå 14:00 til 16:00
|
|
|
|
|
|
|
|
INFORMASJON FRÅ VÅGÅ KOMMUNE
|
|
Varsel om planoppstart klonesodden
I samsvar med plan- og bygningslova blir det varsla oppstart av privat reguleringsplan for hotell og nye vegløysingar for klonesodden. Klonesodden AS står som forslagsstillar
|
|
kr 690000,- til Besseggen - Nasjonale turiststier
10 turmål har fått stønad frå tilskuddsordningen frå miljødirektoratet for å ivareta natur- og opplevelseskvaliteter, sikkerhet og natur. Besseggen er ein av dei 10 som fekk stønad
|
|
|
Frukt, fisk og grønt
Kommuner og frivillige organisasjoner kan søkje om tilskot til innkjøp av fisk, frukt og grønt på arrangementer og aktivitetar
Søknadsfrist: Løpende
|
|
Grøn framtid
Grønn Framtid Innlandet er ei tilskuddsordning som gir midlar til næringslivet for ideutvikling og prosjekter som gir positiv effekt for klima og miljø.
|
|
|
GOD PÅSKE
Vågå kommune ynskjer alle ei god og innhaldsrik påske med godt skiføre, glade påsketuristar og stor aktivitet
|
|
|
|
Dette er eit nyheitsbrev som er sendt ut frå næringsavdelinga i Vågå kommune. Gje oss eit tips om det er noko som skjer som vi bør vite om.
Har du ein ide eller ei vekstmoglegheit som du ynskjer å diskutere, så ta kontakt på mail; Live.brimi@vaga.kommune.no
|
|
|
|
|