Velkome til frukostmøte 2. april hjå Fjelleventyret

Siste frist for påmelding i dag den 27.03!

Korleis kan bedrifter i regionen samarbeide smartare og skape meir verdi saman? Kva ressursar og kompetanse finst rundt oss, som kan utnyttast betre?
Skjåk, Lom og Vågå kommunar inviterer i samarbeid med Skåppå til eit frukostmøte der vi ser på korleis samarbeid på tvers kan gi nye moglegheiter for vekst og utvikling. Vi vil fremme konseptet industriell symbiose – ein praktisk måte å skape lønnsame koblingar mellom bedrifter og bransjar.

Er dette interessant for deg og di bedrift?

Da vil vi oppmode deg til å melde deg på frukostmøte den 2. april. 
Frukosten blir servert frå kl. 7.30, Meld deg på innan 27. mars.
 NB: Begrensa antall plassar.

Les meir om programmet her. 
Velkome!

Gratulere til Håndverkshagen! 

Gratulerer til Handverkshagen på Lalm som har fått full pott frå  Sparebankstiftelsen DNB 

(Foto: frå Håndverkhagen sin facebookside)

BLI SETT - halvdagsseminar om marknadsføring 8. april på Dovre

Bli med på halvdagsseminar om marknadsføring, og få med deg tips og triks til kva som skal til for å auke synet til bedrifta di! Dørene opnar 08:30, og programmet startar 08:45. Bortelaget, Haus, Skåppå og Trollbinde har ansvar for å inspirere deg denne dagen! Sjå heile programmet her: 

Arrangementet er gratis for medlemmar av Gudbrandsdal Næringsforening og for kundar av Skåppå. Pris for andre: 500 kr. No-show: 500 kr.

Meld deg på ved å fylle ut dette skjemaet innan 4. april:

Har du hugsa å søke stønad frå? 

Det er fleire ordningar som har frist i desse dagar, men det er framleis tid:

 

Statsskogmillionen - frist 31.03 - Les meir her:

Statskogmillionen er vår støtteordning for friluftsliv og bruk av norsk natur.

 

Sparebankstiftelsen - Frist 01.04 for søknadar over kr 50.000. Les meir her:

 

ENOVA - Frist 31.03 - Klima og energisatsing i Industrien - Har du ein idé for å utnytte overskotsenergi.  Les meir her:

 

 

 

Opplevelsekurs for reiselivsbedrifter 7. og 8. april i Skjåk

Bli med på opplevingskurs med Høve Støtt i Skjåk den 7. og 8. april!

På opplevingskurset lærar du å jobbe med innovasjon og produktutvikling på ein ny og inspirerande måte. Prinsippa for eit berekraftig reiseliv er også ein del av utviklingsprosessen. Kurset har praktisk tilnærming og består av ein kombinasjon av forelesingar, øvingar og arbeid med eigen bedrift.

Det er Innovasjon Norge som bidreg med finansiering av kurset, og for at vi skal få finansiert det er det krav om minimum 10 deltakarar. Det vil vere ein eigenandel på maks 1100 kroner for å delta.

Kurset blir gjennomført som ei lunsj-til-lunsj samling. Møtestad blir avklara når vi veit om vi har nok deltakarar til å gjennomføre kurset. Kurset arrangerast med støtte frå Næringsnettverket i Skjåk (NiS), men er ope for bedrifter frå nabokommunane. 

Send påmelding til Kristin Smågård innan 27. mars dersom du vil delta.
kristin.smagard@skjaak.kommune.no

Informasjon frå Vågå kommune

Vågå kommune har fleire ledige stillingar: 

Brannførebyggar

Saksbehandlar til 100% fast stilling og ein saksbehandlar til 100% svangerskapsvikariat

Faste miljøarbeidarstillingar til Miljøterapitenesta

Lærarvikariat Vågåmo skule 2025-26

 

Meir info om stillingane finn du her

Ta gjerne kontakt med Næringsavdelinga i Vågå kommune

Mail: live.brimi@vaga.kommune.no