Bli med på opplevingskurs med Høve Støtt i Skjåk den 7. og 8. april!
På opplevingskurset lærar du å jobbe med innovasjon og produktutvikling på ein ny og inspirerande måte. Prinsippa for eit berekraftig reiseliv er også ein del av utviklingsprosessen. Kurset har praktisk tilnærming og består av ein kombinasjon av forelesingar, øvingar og arbeid med eigen bedrift.
Det er Innovasjon Norge som bidreg med finansiering av kurset, og for at vi skal få finansiert det er det krav om minimum 10 deltakarar. Det vil vere ein eigenandel på maks 1100 kroner for å delta.
Kurset blir gjennomført som ei lunsj-til-lunsj samling. Møtestad blir avklara når vi veit om vi har nok deltakarar til å gjennomføre kurset. Kurset arrangerast med støtte frå Næringsnettverket i Skjåk (NiS), men er ope for bedrifter frå nabokommunane.
Send påmelding til Kristin Smågård innan 27. mars dersom du vil delta.
kristin.smagard@skjaak.kommune.no
|