Næringspub 18. mars - set av datoen!

I dag har vi hatt eit triveleg møte på Bakeriet i Lom saman med Oline Horten (Gudbrandsdal næringsforening) og Ingrid E. Storbråten og Lene M. Gåsbakk (Skåppå). Alle tre er relativt nytilsette, og vil gjerne bli betre kjent med næringslivet i Lom. Den 18. mars planlegg vi derfor felles næringspub i Lom, med stort og smått på programmet! Sett av datoen da vel 😁

4. april skal vi i tillegg ut på felles bedriftsbesøk, så si gjerne i frå dersom du vil at vi skal stikke innom akkurat DI bedrift!

Les meir om næringsforeninga her

Stillingssleppet er lansert!

På årets livesending frå karrieredagen så kan du mellom anna høyre om Lene sine erfaringar med å flytte til Lom, i tillegg til andre spennande bedriftsintervju! 
Sjå livesendinga her:

Alle stillingane og læreplassane finn du nå tilgjengeleg på www.komtiloss.no
Er du for seint ute med å legge ut stillingar / læreplassar så tek du kontakt med næringssjefen din - det er ikkje for seint før det er for seint ;-) 
 

Sjå ledige stillingar og læreplassar i Nord-Gudbrandsdalen her:

Siste frist for å melde seg på kurs i sosiale medier

Visit Jotunheimen inviterer til eit kurs i sosiale medier og innhaldsproduksjon saman med 
Solfure & Helle | Fossberg 18.-19.februar 2025

Kurset er planlagt som eit lunsj-til-lunsj- kurs:

Tysdag 18.februar: Lunsj kl. 11.00 | Kurs ca. 11.30-16.00

Onsdag 19.februar: Kurs kl. 08.00 - 12.30 | Lunsj kl. 12.30
Pris:
- Medlem i Visit Jotunheimen, kr. 1600,-
per deltakar inkl. to lunsj.
- Andre, kr. 2200,- per deltakar inkl. to lunsj.

Meld deg på så fort som mogleg, og helst innan 7. februar til mari@visitjotunheimen.no

Les meir om Solfure her

Renovasjon for næringslivet

Har du spørsmål om renovasjonsordningane for næringslivet?
NGR har laga eit faktaark om kva som no gjeld for næringsavfall, sjekk det ut i lenka under: 

Les meir

Workshop i internasjonal markedsføring

Vågå kommune har fått tilbod om å arrangere ein workshop i internasjonale markandsføring i Nord-Gudbrandsdal. Om din bedrift er interessert, så ta kontakt med næringssjefen i Lom kommune (ashild.amundsen@lom.kommune.no)

Workshopen går over to dager (med mellomrom) og er eit gratis tilbod.
Eventuelle reiseutgifter dekkast av deltakarane.

Førmålet med workshopen 

Lag forretningsmodell for eit marknad/land / Kartlegg om marknaden kan vere aktuell for ditt produkt/teneste og målgruppe / Samtale med IN sine reiselivsekspertar i utvalde europeiske marknader med moglegheit for oppfølging seinare / Laga ein plan og sett opp tiltak for vegen vidare mot ei god marknadsintroduksjon m.m.

KVA SKJER ELLERS?

Kva jobbar vi ellers med på næring?

Revidering av reglar for bruk av næringsfondet

I heile haust har ei arbeidsgruppe med seks politikarar / næringsdrivande jobba med å revidere reglane for bruk av næringsfondet i Lom kommune i samarbeid med administrasjonen. 
Det nye regelverket var oppe til handsaming i formannskapet 5. februar - og som skal opp til endeleg handsaming i kommunestyret 17. februar. Her kjem meir info!

Søknaden er sendt!

Næringssjefen sitt i styringsgruppa til den nye privatskulen i Lom, og det er gledeleg at det no er sendt inn ein søknad om etableringa av Jotunheimen vidaregåande skule. 
I tillegg jobbar TAFI med ei mellombels løyving, i form av Jotunheimen privatistskule. Les gjerne meir om det her: 
Her har både Lom og Skjåk kommune gått inn på finansieringssida.
 

Ta gjerne kontakt med næringssjefen Åshild på tlf. 975 22 977 / ashild.amundsen@lom.kommune.no 😊
Følg gjerne arbeidet vårt på Facebook / Instagram au (Lom næringsforum / Lom_nasjonalparklandsby)