Nytt til næringslivet i Lom

Oktober 2024

Siste innspurt i skulesaka

Det er eit enormt engasjement for å behalde Lom vgs, og det er rørande å sjå korleis bygdesamfunnet støttar opp om skulen sin.
 
Her er noko av det som skjer dei neste dagane: 
Stille markering - slokk ljoset mellom kl. 21.00 - 21.15 mandag 21. oktober
Markering foran fylkeshuset på Hamar tysdag 23. oktober kl. 13.00

Du kan støtte aksjonen inne på Spleis: 

23. oktober skal det avgjerast. Saksdokumenta finn du her:  

 

Nye medarbeidarar på næringskontoret

Åshild har fått nye kollegaer på næringskontoret. Linda Sund er på plass som bygdeutviklar, vikariat for Hege Olimb Myhre. I tillegg er Olena Bulka i gong som språkpraktikant på Lom Kommune. 

Les mer →

Opning av Dagsturhytta i Garmo! 

Velkomen til opning av Dagssturhytta i Garmo laurdag 19.oktober kl 1200!

 

 

Kurs i digital sikkerhet på Lom bryggeri

Torsdag 21.oktober inviterer Gudbransdal Næringsforening og Eidsiva til kursdag med fokus på digital tryggleik. Angrep i digitale flater er ein av dei alvorlegaste truslane både næringsliv og offentleg står ovanfor.

 

 

Les mer →

Starta og drive bedrift-dagen 2024

Den 24. oktober kjem «Starta og drive bedrift-dagen» til Regionkontoret på Otta for å gi informasjon og rettleia gründerar som vurderer å starta, eller nyleg har starta eiga bedrift.

Stillingsslepp, læringslepp og jobbmesse 5. feb. 2025

Vi har starta planlegginga av arrangementet for neste år og datoen er klar. Onsdag 5. februar 2025 blir det på nytt stillingsslepp, lærlingslepp og jobbmesse. Nytt denne gongen er at vi får besøk av universitetsturneen, slik at alle elevane på studiespesialisering på NGVGS vil vera til stades denne dagen. Foto: Smelt Media AS

Felles nettside på næring i 6K

No ligg det ute ei felles nettside for næring i Nord-Gudbrandsdal. Her finn du opplysningar om kven du skal snakka med i dei ulike kommunane, ledige lokale/tomter, gode hjelparar, felles kalender over aktivitetar osb. Ta ein titt!

Les mer →