Vågåmo har fått status som typisk turistplass
I mai fekk Vågå kommune vedtaket frå statsforvaltaren om godkjenning av Vågåmo som typisk turistplass frå juni til august. Dette gir butikkane i Vågåmo moglegheit til å ha ope på søndagar i denne perioden. For reiselivet i Vågå er det av stor betyding at Vågåmo vart godkjent som eit typisk turiststad. Denne statusen inneber eit kvalitetsstempel som kan auke tilstrøyminga av besøkande i Vågå sitt langsiktige arbeid med å styrkje lokalsamfunnet og næringslivet.
Sjølv om Vågåmo er godkjent som typisk turistplass, vil det krevje tid og innsats å sikre at besøkande får ei førsteklasses oppleving. Næringsliv, reiseliv og kommunen må kontinuerleg arbeide med å utvikle og forbetre tilboda våre for å møte forventningane til både turistar og lokale innbyggjarar.
Status som typisk turiststad inneber at butikkane kan halde ope på søndagar, ein dag mange ser på som ein kviledag. Dette kan vere utfordrande for nokre bedrifter, og det er forståeleg at ikkje alle alltid har moglegheit til å ha ope kvar søndag. Det vil vere noko rullering i løpet av sommaren, som gjer at Vågåmo kan tilby eit variert tilbod til besøkande kvar helg, samstundes som det tek omsyn til kapasiteten til dei individuelle bedriftene. Opningstider vil bli tydeleg informerte.
Vågå kommune ønskjer å takke alle lokale aktørar for deira engasjement og innsats i denne prosessen. Det er gjennom samarbeid og felles målsettingar at vi kan oppnå våre mål. Vågå kommune ser fram til å følgje arbeidet med utviklinga av Vågåmo vidare og ønskjer alle hjarteleg velkomne til å oppleve kva vår unike stad har å by på.
|