|
Lom har endeleg fått status som berekraftig reisemål!
Etter eit omfattande arbeid gjennom 3 år har Lom oppnådd status som berekraftig reisemål! Prosjektet har vore leia av Visit Jotunheimen, med prosjektleiar Marit Tangvik i spissen. Merket vart delt ut av Innovasjon Norge på Nordal 5.juni .
Foto: Ingrid Garmo
|
|
|
|
|
Gjenopning av Liasanden rasteplass 27.06
Bli med på opningsarrangementet torsdag 27.juni kl 12!
Rasteplassen har no fått miljøprofil der syklistar og mjuke trafikantar har prioritet, så kom gjerne til opninga på sykkel.
|
|
Statens vegvesen opnar nytt bygg på Gjende 19.06
Statens vegvesen opnar det nye terminalbygget på Gjendeosen onsdag 19. juni kl. 13.00. Programmet inneheld orienteringar om arkitekturen, byggeprosessen og turistvegsatsinga si betydning for reiselivet.
|
|
|
|
|
|
Digital næringskaffe for næringslivet 20.juni kl.9.00-9.45
|
|
Tema for denne digitale næringskaffen er "Svindel - ei aukande trussel for bedriftene".
Syver Ole Eggen frå Sparebank1 Lom og Skjåk held innlegget. Næringskaffen foregår på teams. Inga påmelding.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Fyrste episoda frå "Fjellsmaken" er ute
|
|
Den fyrste episoda av "Fjellsmaken" vart nyleg lansert. I denne episoda fylgjer vi råvara lokalt bygg via Lom bryggeri frå jord til bord. Vi oppmodar deg til å sjå den fine episoda, og gjerne prøve ut oppskrifta til Arne Brimi!
Foto: Skjermdump frå videoen
|
|
|
|
|
|
|
|
Verdikjeden - digitalisering og automasjon
Fagskolen Innlandet tilbyr nå to modulutdanningar med studiestad Otta i haust. Modulane er gratis.
Særleg aktuelt for næringslivet er modulen om verdikjeden, som tek for seg livssyklusen til eit produkt frå konsept til utvikling, med fokus på sirkulærøkonomi og berekraft.
Søknadsfrist: 28.07.2024
|
|
Vidareutvikling av di bedrift med Styrk Sel
Til hausten blir det ny runde med utviklingsprogram for små- og mellomstore bedrifter i Nord-Gudbrandsdalen. Oppstart i september.
Vil di bedrift delta?
Ta kontakt med næringssjef Åshild for meir info.
|
|
|
|
|
|
Nye fagbrev via Karrieresenteret
|
|
No kan du få fagbrev som Service- og administrasjonsmedarbeidar og Reinhalder ved å fylgje undervisningsopplegg hjå Karriere Innlandet Gudbrandsdal. Opplæringa er gratis, med kursstad Otta. Oppstart hausten 2024.
|
|
|
|
|
|
|
|
Høyringsutsegn for den vidaregåande skulen i Lom
Den vidaregåande skulen i Lom står i fare for å bli lagt ned i fylkets forslag til ny skule- og tilbudsstruktur.
Saka er på høyring fram til 31.august, og vi oppmodar til å sende inn høyringsutsegn.
|
|
Oppdatert oversikt over ledige næringstomter/- og lokale
På Lom kommune sine heimesider kan du lese meir om tilgjengelege tomter og lokale til leige.
Foto: Lågkollen næringsområde, Åshild M. Amundsen
|
|
|
|
|
|
Konsertforestilling: Møter i Jotunheimen
|
|
4.-6.juli blir det fire konsertforestillingar med Endre Skjåk, Lasse Tronstad og Anne Heidi K. Hillestad utanfor Nordal Turisthotell, med Prestfossen som flott bakgrunn.
Billettar kan kjøpast "i døra" eller på førehand. Meir info på Jotunheimen Underholdning si Facebook-side.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|