NYHEITSBREV
21. mai 2024

Vågåmo har fått status som typisk turiststad

Statsforvaltaren innvilgar Vågå kommune sin søknad om å godkjenne Vågåmo som typisk turiststad frå og med 1. juni til og med 31. august.

Dette tilseier at butikkane i Vågåmo kan ha ope på søndagar i denne perioda om dei ynskjer dette

Bedriftsbesøk av ordføraren og næringssjef 

Ordføraren og næringssjefen ynskjer å kome på bedriftsbesøk til næringslivet i Vågå. Vi har nok ein gong satt av veke 27 til dette. Har du lyst på besøk så send oss ein mail!

send mail

Bli med på digital næringskaffe for næringslivet

Vi reiser på digitalt bedriftsbesøk ser korleis ein kan få bistand frå verkemiddelapparatet til vekst og utvikling.                                          Torsdag 23.mai kl 09.00

Logg på teams