Nytt til næringslivet - mars 2024

 

Revidering av regelverket for næringsfondet

01.april

Korleis skal vi bruke næringsfondet på ein best mogleg måte i åra som kjem?

Lom kommune skal revidere regelverket for næringsfondet, og ynskjer innspel frå næringslivet. Vi håper du vil ta deg tid til å svare på spørjeundersøkinga innan 1.april

Svar på spørjeundersøkinga her
 

Miljøfyrtårn-sertifisering til Bygger'n Lom

6.mars

Vi gratulerer til Bygger'n Lom som nyleg vart sertifisert som miljøfyrtårn! Denne veka var ordførar og næringssjef på besøk for å overrekke skilt og blome.

Det er no 12 miljøfyrtårn-sertifiserte organisasjonar i Lom.

Om miljøfyrtårn
 

Gudbrandsdalsostens dag

17.mars

17.mars feirar vi gudbrandsdalsostens dag, og i år har vi litt ekstra å feire!
Den heilt nye grytekokte gudbrandsdalsosten "Anno 1863" frå Tine Meieriet Lom og Skjåk vart tilgjengeleg i butikk frå slutten av februar. Vi tykkjer den er kjempegod, synes du?

Les meir om den nye osten her
 

Viktige søknadsfrister

Lom.kommune.no

Stillingssleppet 2024

8.februar 2024

Årets fellesutlysing av ledige stillingar og lærlingsplassar i Nord-Gudbrandsdalen vart publisert 8.februar. Fleire av søknadsfristene er i desse dager. Nytt for i år er at ein kan dele direkte-lenke til stillingar for berre éin arbeidsgjevar. Sjå døme frå BrimiBue her.
Det gjer det enklare å tipse relevante søkarar.
Vi vil også anbefale alle å dele denne fine promofilen frå Nord-Gudbrandsdalen. 

Lenke til stillingssleppet

Sognefjellsvegen opnar til påske!

22.mars

Deler av Sognefjellsvegen - frå Lom og opp til Sognefjellshytta - opnar etter planen fredag 22.mars kl 12!
Vi gler oss til å reise til fjells!

Foto: Råmund Mundhjeld

Næringsforeiningar i Gudbrandsdalen slår seg saman

04.mars

Det er no klart at Midt-Gudbrandsdal næringsforening, Nord-Gudbrandsdal næringsforening og Gudbrandsdal Industrinettverk fusjonerer. Foreningane har i fellesskap utarbeida plan for samanslåing, med mål om å bli ein større og meir robust organisasjon for foreininganes medlemmar.

Foto: Midt-Gudbrandsdal næringsforening

Saka omtala i Fjuken

Arrangementskalender

fleire arrangement

Neste vaffeltreff

21.mars 11:30-12:15

Bli med på eit triveleg lågterskel treffpunkt! Neste vaffeltreff blir siste torsdag før påske. Lom kommune spanderer vaffel! Inga påmelding krevst.

Meir info

Gla'sak!

28.02.2024

Årets fyrste løyving frå Innovasjon Norge til ei Lomsbedrift gjekk til Lom vaskeri v/ Vest Industrivask, som har fått innvilga 1 millionar i tilskot og 1,8 millionar i lån til vidareutvikling av bedrifta si. 

Gratulerer så mykje! 😁

Sjå tildelingane frå Innovasjon Norge her
Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo