Nytt til næringslivet i Lom
Nr. 1
2024

Godt nyttår!

Vi er på full fart inn i nytt år, og poppar innom for å si GODT NYTTÅR og informere deg om noko av det som er på agendaen i starten av 2024 :-) Mellom anna er det fleire arrangement på gang - velkome! Vi håper det er låg terskel for å ta kontakt med oss, og vil gjerne høyre frå deg. Vi minner elles om at du kan søkje både kommunen og banken om tilskot til næringsutvikling. 
Banken har frist 9. februar. 
Beste helsing frå Åshild og Hege😊!

Frukostmøte for næringslivet
Bustadkonferanse i Lom

Informasjonsmøte for næringslivet om utbygging av helseheimen

16. januar kl. 8.30 - 10:00

Dette vil vere ein god moglegheit for deg og di bedrift å få informasjon om utbygginga, som er forventa å ta om lag to år med bygging og oppussing.
Vi vil oppmode næringslivet til å nytte dette høvet før anbodet blir lagt ut på Doffin i slutten av januar.

Klikk her for å sjå programmet

Andre arrangement i nær framtid:

11. januar kl. 9:00

Digital næringskaffe på Teams

Høyr om det nye programmet "Grønt gir" frå Skåppå, og om stillingssleppet og jobbmessa som skjer den 8. februar. 

»
24. januar kl. 19:00

Høyr om folk som har starta si eigen bedrift!

På mobiliseringsarrangement kan du både treffe andre gründere over ein god pizza, OG få med deg gründerhistorier på storskjerm. Bli med oss på Nilsbue for ein triveleg kveld! Hugs påmelding (sjå lenke).

»
8. februar 

Stillingsslepp, lærlingsslepp og jobbmesse

Vi håper på stor mobilisering og mange ledige stillingar og læreplassar frå både offentleg og privat sektor! Jobb er ikkje alt, men det ER den viktigaste bli-faktoren for å få folk til å bli verande i Gudbrandsdalen. 

»
15. februar
 

Digitalt etableringskurs

5 kveldar - masse nyttig kunnskap til ein låg sum! Bli med når Skåppå deler av sin kunnskap til deg som vil starte for deg sjølv, eller skal vidareutvikle eiga bedrift. 

»
15. februar kl. 9:00

Digital næringskaffe på Teams

Denne gongen går vi saman med NAV for å sette fokus på våre nye landsmenn, og korleis næringslivet i vår region kan dra nytte av den kompetanse dei sitt på. 
Meir informasjon kjem på Lom kommune sine kanalar, men sett av denne halvtimen allereie no! Lenka finn du i tittelen. 

»
29. januar

Studietur til Rørostur med reiselivsnæringa

I regi av Visit Jotunheimen. Nettverksbygging og fagleg påfyll! Påmeldingsfristen er ute, så du må vente til neste år dersom du er for seint ute 😊 

Fleire arrangement

Tilskot til natur- og kulturbasert næringsutvikling

Søknadsfrist 1. februar

Driv du med næringsutvikling innanfor kategorien "natur- og kulturbasert næringsutvikling", og har planar for 2024?
Da bør du sjekke ut denne utlysninga frå Interkommunalt politisk råd for Nord-Gudbrandsdal!

Søk her!

Revidering av reglar for bruk av næringsfondet

Lom kommune skal revidere reglane for bruk av næringsfondet i 2024, og i den anledning ynskjer vi å stille deg nokre spørsmål. Vi håper du tek deg tid til å hjelpe oss, slik at vi får brukt næringsfondet på ein god måte i åra som kjem! Estimert tidsbruk: 10 -15 minutt. Frist for å svare: 25. januar. 

Svar på spørjeundersøkinga her😀

Frukostmøte for næringslivet

Utlysning frå Statens vegvesen - døgnkvileplass

Søknadsfrist 21. mars

Statens vegvesen ynskjer å inngå leigekontrakt med ein næringsaktør som vil etablere, drive og vedlikehalde ein døgnkvileplass for tungbilsjårfører ved rv. 15 i Vågå, Lom eller Skjåk.

Les meir her:
Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo