Klart for nytt stilling- og lærlingslepp
8. februar 2024!

 
Stillingsslepp og lærlingslepp 2022

Ser du etter arbeid, eller er du på utkikk etter arbeidskraft? Da bør du sjekke ut stillingssleppet i 2024! Dette er ei fellesutlysning av ledige stillingar og læreplassar i Nord-Gudbrandsdalen på www.komtiloss.no som blir lansert kl. 12 den 8. februar. Rett etterpå er det jobbmessa på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avd. Otta. Du kan lese meir her: 

 

Andre arrangement:

 
Nytt mat- og eldhus under utbygging

Næringskaffi 

Neste år vil vi prøve noko nytt!
Kvar månad vil vi invitere bedrifter til digital "næringskaffe" på teams, med aktuelle tema. 
Fyrst ut er 11. januar kl. 9.00-9.30, der vi m.a. skal få høyre meir om "Grønt gir" i regi av Skåppå. 
Sett av datoen og følg med på Lom næringsforum for meir info.

 
Ny bygdeutviklar

Er du gründer? Les vidare!

Den 24. januar inviterer vi til eit kveldsmøte som passar for deg som skal starte eller har starta eige bedrift, eventuelt vidareutvikle eksisterande bedrift!
Vi spanderer mat og vil oppmode deg til å sette av datoen og tida frå kl. 19 og utover. 
Meir info kjem på Lom næringsforum snarleg. 

 
 
Vinterljos i Lom

Fredag 15.desember blir årets siste vaffeltreff, og denne gongen i juleversjon. Fossberg serverer gløgg og vaffel, og Lom kommune spanderer. Møt opp på Fossberg kafè kl 11.30, inga påmelding krevst.
Håpar vi ser deg! Helsing Åshild og Hege 😄

Arrangementet finn du her: 

 

Stort og smått om bedrifter i Lom: 

 
Gudbrandsdalsosten sin dag, 17. mars

Du kan lese om vårt besøk på nydelege Graffer gard her. 
 

 
Det bygges

Du kan lese om vårt besøk til desse blide gutta i KL Rørleggerbedrift her: 

 
 
Nyetablering

Gratulerer til alle som fekk næringsstipend frå Sparebank1 Lom og Skjåk i 2023! 

I Lom var det Visit Jotunheimen, Smak i Lom og Lom servicesenter som fekk stipend. 

 
 
Gudbrandsdalsosten sin dag, 17. mars

Ingvild Garmo har starta opp sin eigen frisørsalong i Garmo. 
Lom kommune gratulerer!😍

 
Det bygges

NHO Innlandet kåra Ottadalen Mølle som månadens bedrift!
Det er stas 😁
Les kvifor her:

 
 
Nyetablering

Mykje folk på plass under handelshelga i Lom, og så fint som det var (og bittelitt kaldt). Foto: Visit Jotunheimen

 
 
Gudbrandsdalsosten sin dag, 17. mars

Anders Skjelden har starta opp Lom&Skjåk Rørservice, og vi stakk innom for å få ein statusrapport 👨‍🔧

 
Det bygges

I løpet av sumaren har du kanskje gått forbi ei lita salgsbu på Bergom, der det ligg mange fine grønsakar? Desse kjem frå Ingvild i Bøverdalen Veksthåggå! 
Les meir om nyetableringa her:

 

TROLL-nominasjon - stem da vel!

 
Jotunheimen

Jotunheimen kan vinne internasjonal filmlokasjon-pris! 🧌

Visste du at sjølve TROLLET i filmen "Troll" faktisk "vakna til liv" i JOTUNHEIMEN?

Nå er Jotunheimen ein av fem finalistar til å vinne pris for beste europeiske filmlokasjon. Det er nettopp scener frå Netflix-suksessen «Troll», som er spelt inn i Jotunheimen i Lom kommune, som er nominert.

Det er nå opp til publikum - altså D E G - å stemme på sin favoritt:

👉🏽 Stem her!

 

Bli-kjent-treff både innandørs og utandørs

 
Bli-kjent-middag på Fossheim

I november arrangerte vi bli-kjent-middag for tredje gong på Fossheim, med rundt 40 deltakarar. Triveleg! Du kan sjå glimt frå kvelden her:  
I august hadde vi i tillegg ein felles tur til Klimapark2469. Takk til alle som deltok, og til vår flinke guide som fekk oss til å hoppe opp og ned på jakt etter permafrosten 😊

 
 
Gudbrandsdalsosten sin dag, 17. mars

Nominer årets vertskapskommune for næringslivet 2024! Fristen for nominasjon er 20. desember 2023.

Nominasjonar sendast inn via denne lenka:

 

 
Det bygges

Fekk du med deg resultata / svara frå spørjeundersøkinga til næringslivet i 2021? Viss ikkje får du eit lite "gjengløtt" her, det er interessant å ha eit slikt kunnskapsgrunnlag!

Sjå resultata her:

 
 
Bli-kjent-middag på Fossheim

Riktig god jul (snart😍)!

 

I 2024 håpar vi at det blir enda meir tid til å vere ute på bedriftsbesøk! 
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom det er noko vi kan hjelpe til med, av stort eller smått - så skal vi gjere vårt beste. 

Nyt vakre Lom i desse litt rolegare vintermånadane!

Beste helsing frå Åshild og Hege

 

Du mottek denne e-posten fordi du er påmeldt nyheitsbrevet til Lom kommune. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har innspel, ris eller ros! 

Kontaktinformasjon: 
Næringssjef Åshild Myhre Amundsen, e-post: ashild.amundsen@lom.kommune.no
Telefon: 975 22 988