Nytt til næringslivet i Lom

21. september 2023

 

Frukostmøte med NHO Innlandet
Torsdag 28.september kl. 7.30-9.30

Vi får besøk av NHO Innlandet, og inviterer i den anledning til frukostmøte med næringslivet på Bakeriet i Lom. Her får du påfyll av både frukost og informasjon. Meld deg på til næringssjef Åshild på e-post eller telefon. Vi har plass til ca 30 stk, så her er det "fyrste mann til mølla". Meld deg på i dag! Gratis inngang.

Les meir og meld deg på her
 
 

Infomøte om tilskotsordningar i landbruket
Torsdag 21.september kl. 19.30-21.30

Landbrukskontoret i Lom og Skjåk inviterer gardbrukarar og andre interesserte til informasjonsmøte der dei går gjennom dei mest sentrale støtteordningane i jordbruket og skogbruket. Formålet er å auke kunnskapen om dei moglegheitene og pliktene som finst. Møtet er på Fossberg hotell i Lom torsdag 21.september kl 19.30-21.30.

Inga krav om påmelding. Gratis inngang.

Les meir her
 
 

Søk banken sitt næringsfond innan 31.oktober
Sparebank1 Lom og Skjåk

Sparebank1 Lom og Skjåk har utlyst næringsstipend til nyskapning, utvikling og vekst i næringslivet, men mål om fleire varige arbeidsplassar til lokale bedriftar. I år ynskjer dei særleg søknadar med mål om å rekruttere til bestemte næringar gjennom f.eks. opplæringstiltak for sommerhjelper.

Les meir og søk her
 
 

Støtt opp om "La G35 Leve"
Gudbrandsdalsosten G35

I TINE sitt styremøte den 27.september skal dei avgjere om Gudbrandsdalsosten "G35" framleis skal produserast på TINE meieriet Lom & Skjåk. Dette er det einaste meieriet i Gudbrandsdalen som produserer G35, og det er det einaste meieriet i verda som lager den på "gamlemåten", i gryte.
Dette må vi ta vare på! Vi vil oppmode alle til å støtte opp om Facebook-gruppa "La G35 leve" og dele innlegga der, slik at TINE veit at vi bryr oss.
Les gjerne også oppropet frå ordførarar og ordførarkandidatane i Lom og Skjåk.

Les oppropet her
 
Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo