Vil din bedrift delta på SMB-utvikling?

Les meir →
 

Da bør du lese vidare: 

SMB-utvikling er ein metodikk for små- og  mellomstore bedrifter som ynskjer utvikling og vekst. Verktøyet er utvikla av Innovasjon Norge, og blir gjennomført frå medio september i regi av Styrk Sel. Lom kommune er invitert til å delta med ei bedrift. Målet med programmet er å bidra til vekst i bedriftene som medfører å sikre eksisterende arbeidsplasser samt evnt. å skape flere arbeidsplasser.

I fjor deltok Jotunheimen bygg frå Lom, du kan lese om deira erfaringar i lenka over (under tittelen).
Ta gjerne kontakt med næringssjefen i Lom eller med Ola Bottheim i Styrk Sel for meir informasjon eller for å melde interesse, så ser vi om dette kan passe for di bedrift. 

Les meir om SMB-utviking her
 

Bra oppmøte på frukostmøte 29. august

Korleis skal reiselivet i Lom sjå ut i framtida? Det var temaet når Visit Jotunheimen inviterte til strategisamling og frukostmøte for reiselivsnæringa. Her vart det også presentert tal frå gjesteundersøkinga m.m. Alle innspela skal lede fram til ein reisemålsstrategi for Lom, eit ledd i arbeidet med å bli eit berekraftig reisemål. 
 

Diktardagar

Diktardagar frå 31.8 - 3.9

Den samfunnsengasjerte forfattaren er gjennomgangstema for Diktardagar 2023. To av desse er forfattar Åsne Seierstad og artist Halvdan Sivertsen. Laurdag 2. september blir det konsert med Halvdan Sivertsen i Utgard i Lom. Åsne Seierstad deltek på seminaret laurdag og på bokbad laurdag kveld. Billettar til dette, middag på Fossheim og tur til Klimapark 2469 er lagt ut for sal. 

Les meir

Tilflyttartreff til Klimapark2469

Lom kommune inviterer til tilflyttartreff i Klimaparken2469 laurdag 16.september.  Dette er eit tilbod for dei som har flytta til Lom dei siste åra. Her kan du treffe andre nye lomverer, og samstundes oppleve den spektakulære Klimaparken og istunellen. Turen er gratis for tilflyttarar. Oppmøtestad: Juvasshytta kl. 13.00.

Fyrste mann til mølla - hugs påmelding til hege.olimb.myhre@lom.kommune.no / tlf. 453 12 269
innan 13. september! 

Les meir om tilflyttartreffet her:
 

Bli synlig på nett - heildagskurs 6. oktober

Informasjon frå Styrk Sel/ Fossekall:
Ønsker du å jobbe med målrettet med sosiale medier for din bedrift?

Vi ønsker deg velkommen til en inspirerende og lærerik dag med fokus på konkrete tips til hvordan du kan lykkes med markedsføring i sosiale medier! Du vil dra hjem med en konkret handlingsplan for hva du skal poste på sosiale medier.

Pris: Styrk Sel dekker 50% av kurskostnaden for inntil 20 bedrifter fra norddalen. Førstemann til mølla-prinsipp. Pris for én deltaker fra en bedrift etter rabatt blir da kr 2 750,-. Pris for to deltakere fra en bedrift blir kr 3 250,-. 
Så lenge bedrifta er registrert i Norddalen vil du automatisk frå rabatt (eller få beskjed om at dei fyrste 20 plassane er fylt opp). Hugs påmeldingsfrist 20.september. 

Sjå Facebook-arrangement her
 
Frukostmøte med NHO

NHO Innlandet planlegg ein kommunedag i Lom torsdag den 28. september, og det ligg an til å bli eit frukostmøte for næringslivet denne dagen. Sett av datoen, så kjem det meir informasjon på Lom næringsforum snart. 

Er du ute etter finansiering til vekst og utvikling, eller nye forretningskonsept? 

Da kan kanskje desse støtteordningane vere aktuelle: 

Elles er det verdt å nevne to erstatningsordningar som kan vere aktuelle i etterkant av ekstremværet "Hans". 

For "gode, ikkje kommersielle føremål" er det verdt å nevne at søknadsfristen til både Sparebankstiftelsen og Gjensidigestiftelsen er 1. september. 

Nyt hausten framover! 😍

Likte du nyheitsbrevet? 

Jælma!
Heilt greitt!
Næh..

Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo