Utstillingsopning av "Frose i tid"

Les meir →
 

Utstillingsopning på Norsk Fjellsenter 10.juni

Over halvparten av alle arkeologiske funn på is i heile verda, er gjort høgt i fjella kring Lom.

Klimaendringane slår hardt til i høgfjellet. Isen smelter raskt. Ein hund med halsband, piler frå steinalderen, ein vott frå vikingtid, verdas best bevarte forhistoriske skipar og meir enn 4000 andre gjenstandar har smelta ut frå isen. Gjennom eit brearkeologisk sikringsprogram i regi av Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum, er isen overvaka og nye funn berga. I utstillinga Frose i tid på Norsk fjellsenter i Lom, kan du snart sjå 100 av funna i eit heilt nytt ljos.


Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen til utstillingsopning laurdag 10. juni kl. 16!

Sjå arrangementet på Facebook her
 

Jubileumsfest i Presthaugen laurdag 3.juni

I høve Sparebank1 Lom og Skjåk sitt 150-årsjubilum vert det aktivitetar for heile familien, servering og gratiskonsert med Emma Steinbakken. Programmet startar frå kl 11, og konserten startar kl 15.

Les meir

Offisiell opning av eldhuset og ny gangstig

... og i den anledning vert det óg offisiell opning av det nye mat og eldhuset i Lom, og oppgradert gangstig gjennom Presthaugen. Det foregår frå scena rett før konserten, kl 14.30.

Les meir

Frå arrangementet Afterwork på Bakeriet 4.mai. Heile 32 meir eller mindre nye lomverer var med på pizza, prat og idémyldring. Kjempetriveleg!

Dagseminar om Reinheimen og villreinen måndag 5.juni

Reinheimen er eit av dei største villmarksprega fjellområda i Europa, der villrein har sitt leveområde. Nå kan du vere med å påverke rammene for bruk og vern i Reinheimen. Norsk fjellsenter inviterer til dialog om forvaltning og brukarinteresser. Godt program og god lunsj!

Sjå arrangementet på facebook

Frå veteranbilløpet Flåklypa Grand Prix 27.mai. Over 500 bilar stilte til start, og det var mykje bilar, folk og bensinlukt på Bergom! 

 

Workshop med Villreinarven

Er di bedrift interessert i å bruke rein som ein del av ditt reiselivprodukt, anten det er som produkt, matoppleving eller i formidlingssamanheng? Da bør du sjekke ut denne workshopen, som sett fokus på nettopp det!

Dette er eit felles tilbod for Lom og Vågå, og foregår tysdag 6.juni kl 12 på Bokhandel'n Bakeri og Mathus.

Les meir
 

Kunstig intelligens (KI) i næringslivet

Vil du lære meir om korleis du kan bruke KI-verktøy i di bedrift og kvifor det er så viktig å komme i gang allereie no? 

15.juni er det konferanse med live streaming på Ingeniørenes Hus i Oslo. 

Konferansa kostar 3900,- og krev påmelding.

 

Les meir
 

I høve Sparebank1 Lom og Skjåk sitt 150-årsjubileum inviterte dei næringsdrivande, gardbrukarar og representantar av lag og foreiningar til frokostmøte med foredrag av Dag Otto Lauritzen 1.juni i Utgard. Etter foredraget var det "Kompani Lauritzen"-inspirerte aktivitetar på Bergom med elevar frå Nord-Gudbrandsdalen VGS.

 

Lokalmatdag for Nord-Gudbrandsdalen

Onsdag 31.mai var det lokalmatdag for Nord-Gudbrandsdalen på Nordal hotell. Arrangementet var i regi av destinasjonsselskapa i Nord-Gudbrandsdalen, Gudbrandsdalsmat og Matfylket Innlandet. Jehans Bakke på Nordal laga ei formidabel lunsj utandørs til deltakarane.

Frå kl 16 var det "open bakgård", der lokalmatprodusentar synte fram og gav ut smaksprøver.

Les meir
 

Opning av Skogstad Outlet

Fredag 26.mai opna Skogstad Outlet på Nilsbue i Lom! Dette er eit konsept som sel plagga frå tidlegare sesongar til reduserte prisar, og som i fyrste omgang berre vil vere ope i sommarsesongen. 

Vi gratulerer med opning og ny flott butikk!

Les meir
 

@Lom_nasjonalparklandsby er Lom kommune si Instagram-profil, og nyleg spurte vi tilflyttar Sveinung Mosnes om han ville ta over kontoen i ein såkalla "Instagram takeover". Her viste han litt av livet sitt i Lom. Om du ikkje fekk det med deg - gå inn og ta ein kikk! Foto: Sveinung Mosnes.

Landskappleiken 21.-25.juni

Det nærmar seg Landskappleik! Frå onsdag 21.juni vert det mykje aktivitetar og folk i Lom. Vi ynskjer arrangørar og friviljuge lykke til med gjennomføring, og vonar det vert eit framifrå arrangement!

Foto: Marit Sletten

Les meir
Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo