Nytt til næringsliveti Lom
Nr. 5
2023

God dag, og takk for eit triveleg frukostmøte for næringslivet førre veke! 
Her kjem litt om stort og smått som rører seg i Lom og omegn den neste tida :-) Ta gjerne kontakt med oss dersom du har tips om ting vi burde skrive om / dele. Mvh Åshild og Hege

Bustadkonferanse i Lom

Bustadkonferanse i Lom (Utgard)

27. April 18:00 - 21:00

Fyrstkommande torsdag inviterer Lom kommune til bustadkonferanse i Utgard, der vi sett fokus på bustadutvikling i Lom. Arrangementet er gratis og ope for alle interesserte. Velkome!

Klikk her for å sjå programmet

Andre arrangement i nær framtid:

4. mai 16:00

Afterwork på Bakeriet

Sosialt treff for nye og meir erfarne lomverar. Lom kommune spanderer pizza. Inga påmelding.

»
11. mai 09:00 - 12.00

Kurs angåande fallgruver i entreprisekontrakter. 

Korleis unngå dei? Kurset er retta mot bygg og anleggsbransjen og entreprenørar. 

»
26. mai 11.30
OG
16. juni 11.30

Vaffeltreff på Fossberg

Lågterskel treff som er ope for alle.
Ta lunsjen saman med oss - vi spanderer vaffel! Etterpå kan du bli med på sentrumsvandring eller ei kort danseøkt. 

»
27. mai 

Flåklypa Grand Prix

Endeleg eit nytt veteranbil-løp i regi av Jotunheimen Veterankjøretøyklubb.  

»
1. juni og 3. juni

Jubileumsfest i regi av Sparebank1 Lom og Skjåk - følg banken for meir informasjon

Torsdag 1. juni kjem Dag Otta Lauritzen til Lom og skal m.a. ha frukostmøte retta mot næringslivet. Laurdag 3. juni inviterer Fjellbanken til fest i Presthaugen med Emma Steinbakken.  

»
21.-25. juni

Landskappleiken 

Landskappleiken byr på tevling, dans og liv, og store kulturopplevingar. Meld deg gjerne som friviljug. 

»
8. - 15 juli

Nordisk 4H Leir

Lom blir fylt opp av ungdom frå heile Norden når 4H Oppland inviterer til camp. 

»
Fleire arrangement

Referat frå frukostmøte for næringslivet 19.04

Takk til alle som møtte opp på frukostmøte førre veke, vi vart ein fin gjeng på rundt 40 personar :-)
 
Fleire har etterspurt referat, så her kjem det! Legg særleg merke til oppdatert info om NRK sakte TV. 

Referat og presentasjonar frå frukostmøtet
Frukostmøte for næringslivet

Status og utvikling i fjellkommunane

4. mai 09:00-10:00

Knut Vareide presenterer nye tal frå fjellindeksen. Fjellindeksen er eit samarbeid mellom Fjellnettverket og Telemarksforsking med statistikk og oversikt over folketal, sysselsetting, verdiskaping og attraktivitet i fjellområda.

Seminaret er på teams og det er gratis, men krev påmelding.

Påmelding
Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo