Kva skjer framover? 

Vi stikk innom innboksen din for å gi deg ei lita oversikt :-) 

Ikkje nøl med å ta kontakt med Åshild (næringssjef) eller Hege (bygdeutviklar) dersom du har noko på hjertet. Vi set stor pris på innspel.

Og hugs: i dag er det Gudbrandsdalsosten sin dag! 
Det bør feirast, hurra for G35 som blir produsert på TINE Meieriet Lom og Skjåk :-D 

Mvh Åshild & Hege

 

Få ei meir berekraftig bedrift!

Gjennom Styrk Sel får bedrifter i Lom tilgang til eit gratis dagskurs i berekraft, som tek for seg m.a. klimaregnskap. 
Kurset er 27. mars kl. 9-16, mens påmeldingsfristen er 20. mars. 

Ta kontakt med næringssjefen for å få tilsendt meir info (kontaktinfo nederst). 

Påmelding til kurset i berekraft:

Kurs i leiing - kva er lurt?

"Med kunnskap om juss, arbeidslivets spelereglar og coachende leiarskap i verktøykassa kan du som leiar ta grep for å unngå evt. håndtere konflikter."
Kurset foregår på Vinstra den 25. april 2023 kl. 0900-1700.
Påmeldingsfrist 18. april.
Gjennom Styrk Sel får bedrifter i Lom kurset til halv pris, altså for kr. 3000. 

Ta kontakt med næringssjefen for å få tilsendt kampanjekode. 

Påmelding til kurset i leiing:
Gardbrukaren sin dag på Gausdal Landhandleri

Glimt frå "Gardbrukaren sin dag" på Gausdal Landhandleri i Lom den 14. mars. Bra initiativ!

Etableringskurs

Etableringskurs for Norddalen

Kurset tek deg gjennom ei etablererreise fram mot ein forretningsplan. Kurset føregår på kveldstid og er digitalt, med unntak av siste kvelden (fysisk samling på Otta).  

Kursoppstart 13. april kl 18:00
Varigheit - 5 kveldar

For påmelding m.m. til etableringskurset:
Foto Randi Oddveig Rusten

Lomseggen i fantastisk nordljos. Foto: Randi Oddveig Rusten!

Seminar og workshop for bygg og anlegg 27. mars

Klimagassutslipp fra bygg- og anleggsvirksomhet skal reduserast med 50% innan 2030. Nye Veier skal dei neste 20 åra bygge veg og bane for 254 milliarder kroner. Det betyr mange og store oppdrag som bransjen i Gudbrandsdalen potensielt kan vinne.

Bli med på seminar og arbeidsverksted der du får inspirasjon og påfyll, og får diskutere med andre korleis du kan bli ein del  av løysninga for å redusere utslepp frå Gudbrandsdalen, og vinne fleire anbod framover. 

Les meir om arrangementet her
Bygg og anlegg
 
Kalv

Fagmøte om kalvebinge

Med innlegg frå Matilsynet og TINE
om dei nye krava knytt til kalvebinge og mosjonskrav, samt lunsj og fjøsbesøk. 

Vi avsluttar programmet kl. 14.00.

Vel møtt!

Les meir om arrangementet her
 
Vaffeltreff

Vaffeltreff på Fossberg

Vi inviterer til vaffeltreff! Treffet er ope for alle, og skal vere ein plass du kan treffe både nye og kjente fjes. Veit du om nokon som ikkje har så stort nettverk i Lom enno, så tips dei gjerne! Etter treffet blir det moglegheit for anten gåtur/omvising i sentrum eller fysisk fostring (zumba). 
Fyrste vaffeltreff blir fredag 14.april kl 11.30 på Fossberg. Inga påmelding, berre møt opp!

Les meir om vaffeltreffet her
 
Du mottar denne e-posten fordi du er påmeldt vår e-postliste.
Dine opplysninger   |   Avmelding   |   Åpne i nettleser
Mailmojo