|
Årskavalkade 2022
|
|
|
|
|
Her kjem eit lite attendeblikk på året 2022.
Vi startar med litt vakker vinterstemning i Lom.
|
|
|
|
|
|
|
Blid gjeng under fjorårets stilling- og lærlingslepp
|
|
|
|
|
|
Den gamle, slitte kiosken er borte - endeleg er eit nytt mat- og eldhus på veg opp i Presthaugen
|
|
|
|
Lom kommune søkte etter bygdeutviklar under stillingssleppet -
Hege fekk jobben!
|
|
|
|
|
|
|
Lærlingmiddag m.m. på BrimiBue
|
|
|
|
|
|
Vi feira Gudbrandsdalsosten sin dag, 17. mars :-)
|
|
|
|
Nybygg på veg opp i industriområdet og bedriftsbesøk til Lom bilpleie AS
|
|
|
|
|
|
|
Anders Skjelden var på god veg til å etablere sitt eige selskap, Lom og Skjåk rørservice AS - sjekk det ut her!
|
|
|
|
|
|
Aktiv i Lom fekk dele si historie med 8. klasse. Kick-off dag for elevbedrifter
|
|
|
|
Workshop med Visit Jotunheimen for å bli eit berekraftig reisemål
|
|
|
|
|
|
|
God stemning på bli-kjent-treff til Knippen. Vi får prøve oss att på Galdhøpiggen ein gong med betre vêr...!
|
|
|
|
|
|
Arabisk butikk i Lom? Morosamt med "vårt lokalsamfunn" på Loar, saman med 5. klasse
|
|
|
|
Lom vart GNIST-kommune i 2022, og utvikling av bustadtomta Kulihaugen er på agendaen.
|
|
|
|
|
|
|
Visit Norway spelar inn reklamefilm i området vårt, resultatet kjem i 2023. Ingenting å si på utsikta i alle fall..!
|
|
|
|
|
|
Spennande satsing og utviding på Lom bryggeri!
|
|
|
|
Fleire bedriftsbesøk saman med landbrukskontoret og ordførar, m.a. til vakre Furuheim gard og til Norsk Landbruksrådgiving
|
|
|
|
|
|
|
Vi er heldige som har så mange fine bedrifter i kommunen vår! Her er vi innom Brimi fjellstugu og fekk høyre meir om dei nye utbyggingsplanane.
|
|
|
|
|
|
|
Tenk å ha dette i nærleiken. Jotunheimen altså.
Takk for lånet av dette nydelege bilde, Kjell Nyøygard.
|
|
|
|
|
|
|
Brimi Gard & Sæter vinn den gjeve bygdeutviklingsprisen i Innlandet. Gratulerer :-D
|
|
|
|
Den nye, unike spisesalen på Raubergstulen får nasjonal merksemd, og ei lang reportasje i DN.
|
|
|
|
|
|
Planlegging av ny gangstig i Presthaugen. Vi fekk innvilga kr. 350 000 i tilskot frå "Naturarven som verdiskaper" til tiltaket.
|
|
|
|
Eit tett samarbeid med Innovasjon Norge er viktig. Her er vi rundt på bedriftsbesøk i saman.
|
|
|
|
|
|
|
Haustmarknaden v/ Prestfossen vart ein suksess! Her er ein av nyetableringane i 2022, Liv Berit Sørhage i Yppele Design. Ho var ein av fleire som fekk innvilga etableringstilskot frå Lom kommune.
|
|
|
|
|
|
Etter fleire år med kaos har det endeleg vorte ein ny ladestasjon i Lom med stor kapasitet. .
|
|
|
|
Frukostmøte med næringslivet på Fossheim, med fokus på det nye moglegheitsstudiet for sentrum.
|
|
|
|
|
|
Vi arrangerer bli-kjent-middag for andre gong.
Her er det mange nye fjes, både frå Norge og ikkje minst frå Ukraina.
|
|
|
|
|
|
|
Bedriftsbesøk hos denne trivelege karen - Stig Smed i Garmo.
Han driv med mykje spennande.
|
|
|
|
Endeleg! Bøverdalen har fått att butikken sin, og ikkje med berre det - den har vorte til Coop Prix, og har veldig gode opningstider.
|
|
|
|
|
|
|
Det er TROLL-feber i Norge, og Netflix-filmen gjer stor suksess internasjonalt. Delar av filminga er gjort i Lom, i tett samarbeid med kommunen.
Vi fekk derfor ein eigen premierfest, og mange godord frå produksjonsselskapet og regissør. Artig avslutning på året!
|
|
|
|
|
Du mottek denne e-posten fordi du er påmeldt nyheitsbrevet til Lom kommune. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har innspel, ris eller ros!
Kontaktinformasjon:
Næringssjef Åshild Myhre Amundsen, e-post: ashild.amundsen@lom.kommune.no
Telefon: 975 22 988
|
|
|
|
|
|